Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning.
Kommunalsjef helse og omsorg orienterte om “Helt med”-ordninga, som rådmannen har sett av midlar til å prøve ut i 2023. Dette er ei ordning for å hjelpe personar med nedsett funksjonsevne ut i arbeidslivet. For meir info sjå her: https://www.heltmed.no/
Rådet tok opp at det er ei utfordring med pasientreiser/refusjonar, og ynskjer ei sak om dette på nyåret.
Sekretær informerte på vegne av Kari Hundsnes om at FFO den 9. februar, i samarbeid med Likestillingssenteret KUN og Statsforvalteren i Rogaland, arrangerer ny fagdag og workshop om CRPD på Scandic Forus for alle kommunale råd i Rogaland. Her vil rådet få faglig påfyll om konvensjonen og korleis ein kan bruke den aktivt i eige rådsarbeid. Tidspunkt er 9/2 kl 0930 – 1600. Dei som ynskjer å delta tek kontakt med Kari.
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Råd for menneske med nedsett funksjonsevne ber om at rådmannen føl opp saka, i tråd med innspela som er nemnd.
Rådet undrar seg over at det er oppmerka så få HC-parkeringsplassar utføre helsehuset, spesielt utføre legekontoret. Einingsleiar for bygg og anlegg informerte om at dei har utstyr til å merke opp, og han vil snakke med einingsleiar helse for å høyre kor det er behov for parkeringsplassar. Det bør vurderast om det skal merkast opp HC-parkering på Hjelmeland ungdomsskule også. Ved omsorgssenteret på Hjelmeland kunne det også vore merka opp vanlege parkeringsplassar ved leilegheitene, slik at ein får best mogleg utnytting. Rådet minner også om at det er viktig at HC-parkeringsplassane vert skilta, slik at ein ser tydeleg kor desse plassane er.
Rådet meiner at kommunalt tilsette ikkje bør nytte dei parkeringsplassene som er nærmast inngongane. Kommunalsjef for helse og omsorg vil informere dei tilsette om dette.
Bak ved Hjelmeland omsorgssenter er det ei trapp, og rådet meiner det burde vore ei rampe der slik at det er lettare tilkomst. Einingsleiar bygg og anlegg ser på dette.
Saka vert tatt til orientering
Prosjektleiar, Eirin Eidem Meihack, orienterte om arbeidet så langt. Det er lagt fram ei innstilling til formannskapet 22.11.22, kor dei skal vedta utforming av skulebygget: https://innsyn.onacos.no/hjelmeland/wfinnsyn.ashx?response=journalpost_detaljer&journalpostid=2020054759&Mid1=1679&
Planen er at skulen skal rivast sommaren 2023, og estimert byggeperiode er to år.
Rådet registrerer at det ikkje står så mykje om menneske med nedsett funksjonsevne i budsjettdokumentet, men tykkjer det er positivt at det er sett av kr. 400.000 til universell utforming i budsjettet.
Råd for menneske med nedsett funksjonsevne har følgande innspel til budsjett 2023:
Rådet registrerer at det ikkje står så mykje om menneske med nedsett funksjonsevne i budsjettdokumentet.
Det er ynskjeleg at det vert sett av ressursar til psykologstilling.
Det er også behov for avlastningsbustad m/soverom, slik at ein kan ha avlastning over fleire døgn.
I tillegg er det behov for auke i logopedtilbodet/logoped-stilling.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Egil Hovda | Høgre | Nestleiar | egilhovda@hotmail.com |
Aud Valebjørg | Medlem | aud.valebjorg@hjelmeland.kommune.no | |
Helge Mæle | Medlem | helgmae@gmail.com | |
Helene Hetland | Kristelig Folkeparti | Varamedlem | hhetland01@gmail.com |
Kari Hundsnes Barsnes (Ikke møtt) | Leiar | kari.hundsnes@hjelmeland.kommune.no |