Bli med på Full fart!
Tre kjekke dagar for deg som går i 3. - 7. klasse, der supre leiarar lagar fullt program for at du skal vere aktiv, vera i lag med andre og ha det kjekt!
Tidlegare aktivitetar har mellom anna vore kanopadling, mesternes mester, handball, rulleski og innebandyturnering.
Aktivitetane vil føregå i grupper, fordelt etter alder. Me vil også ha ulike konkurransar med lag på tvers av desse gruppene.
Program
- kl. 09-15 alle dagar
- det vil bli servert god og sunn lunsj og frukt kvar dag
- alle får eiga drikkeflaske og t-skjorte
Stad
Leiarane kjem tilbake til kor aktivitetane skal vera. Det kan vera i forskjellige bygder.
Pris
Kr. 700,- for Full fart.
Påmelding
Send e-post til Sunniva Ur Fjørtoft på sunniva98@hotmail.no (ja, .no!). eller tlf. 406 15 336.
Ta med fullt namn, klasse, ønska aktivitet (Fotballskule / Full fart), størrelse på t-skjorte, kontaktinformasjon til føresette, ev. allergiar.
Fotballskule
Du kan også vera med på Fotballskule 23. - 24. juni. Les meir om Fotballskule.
Pris for å vera med på begge deler er kr 1200,-.