Tradisjonen tru inviterer Hjelmeland Storband og Rygjaljom til galla!
Utdeling av Maleniusprisar og kåring av Årets Hjelmelandsbu 2022.
Tåredrypande takketalar. Lokale songtalent. Lokale kokketalent.
Maleniusprisane blir delte ut til dei som har gjort ein innsats for at folk i Hjelmeland skulle få noko å snakka om i året som gjekk, eller som sytte for at Hjelmeland fekk uventa omtale i riks– eller regionsmedia i året som gjekk. Prisen har fått namnet etter Malenius Måland, ein replikksterk årdalsbu som ikkje gjekk av vegen for å gi folk noko å snakka om og herma etter.
Me set eit høgtideleg og morosamt punktum for åra 2020-2022.
Kjøp billett kr 750
Billetten inkluderer matservering. 18 års aldersgrense.
Dørene opnar kl. 19, me startar kl. 19.30.
Ingrediensar:
Stilig musikk.
Raud løpar.
Super mat.
Høg sigarføring.
Sofistikert humor.
Mukje hendesløysa.
Solistar på årets galla:
- Elin Vestersjø
- Dag Bjørnsen
- Tonje Flatø Nessa
- Lars Fotland Bøe
- Tobias Ø. Handeland
Samt eit par skikkeleg store overraskingar!