Utval: | Ungdomsrådet |
---|---|
Dato: | 06.12.2022 17.30 - 19.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent.
Sekretær orienterte om at budsjettsaka vart sendt som tilleggsinnkalling same dag som møtet, den kom difor ikkje med på sakslista som låg på nettsida til Hjelmeland kommune.
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Saka tas til orientering.
Forslag til vedtak
Hjelmeland Ungdomsråd vel som leiar Milica Divjak og nestleiar Peder Krokedal. Leiar og nestleiar er velde for eit år.
Milica Divjak og Peder Krokedal stilte til val som leiar. Milica fekk flest stemmer og vart leiar. Peder vert nestleiar.
Saka vert tatt til orientering.
Prosjektleiar, Eirin Eidem Meihack, orienterte om den nye ungdomsskulen og prosessen så langt. Dersom kommunestyret vedtek at skulen skal byggast er planen at riving av den gamle skulen skal starta i juni 2023. Den nye skulen skal då stå klar til august 2025.
Forslag til vedtak
Hjelmeland ungdomsråd rangerer søknadane til tilskotsordning for inkludering av barn og unge slik:
Ungdomsrådet ber sekretær vidareformidla tilbakemeldingane kring Hjelmeland kommune sin søknad, samt innspela til Frilager-ordninga, til leiar av Hjelmeland Frivilligsentral.
“Ope klubbhus”: Dette er eit bra tilbod, spesielt med tanke på at det til tider er litt utriveleg sosialt miljø i barne- og ungdomsgruppa. Ungdomsrådet drøfta om tilbodet treff målgruppa, og lurer på kor mange som nyttar seg av det. Dei ynskjer å invitere Hjelmeland idrettslag på neste møte for å snakke om “Ope klubbhus”.
Frilager: Dette er ei veldig bra og bærekraftig ordning, og bør vidareførast.
Ungdomsrådet ynskjer å prioritere idrettslaget sin søknad som nr. 1, då det er viktig for barn og unge å ha ein slik møteplass.
Innspel til kommunen sin søknad: Bra tilbod, både aktivitetane og sommarjobb-ordninga. Sjølv om det ikkje alltid møter like mange, er det bra at det finnes eit tilbod for dei som kjem. Det er viktig at det vert annonsert i god tid på førehand og undervegs i heile ferien!
Innspel til frilager-ordninga: Fleire veit ikkje om Frilageret, så det bør informerast meir både på skulane og ute i bedriftene, der foreldra er. I tillegg bør tilbodet annonserast jamleg, slik at folk får det med seg ofte. I tillegg bør dei tenestane som jobbar med familiar informere om det.
Ungdomsrådet kjem med desse innspela til budsjettet for 2023:
Ungdomsrådet meiner det må setjast av meir ressursar til psykisk helse-arbeid for barn og unge, mellom anna for å betre det sosiale miljøet. Det bør vera tidsressursar til meir personleg informasjon, det er ikkje nok med ein power point-presentasjon i klassen eller ei prosjektveke. Helsesjukepleiarane må vera tilgjengelege på skulane mykje oftare, og det bør vera mogleg å velga mellom fleire personar - det er ikkje så lett at dei du skal få hjelp av er nokon du kjenner godt. Optimalt sett skulle helsesjukepleiarane vore på skulen saman med elevane, slik at elevane kjenner dei godt. For å tørre og oppsøke hjelp må det vera naturleg for deg å snakke med personen som skal hjelpa deg
Eit alternativ til helsesjukepleiar er miljøterapeutar på skulane. Ein slik ressurs kan vera tilgjengeleg for elevar som strevar, og kan hjelpe lærarane å følgje opp elevar som treng det, til dømes dei som slit med skulevegring.
Det er uansett viktig å ha nok ressursar tidleg (på barneskulane) for å kunne passe på at alle har det greit. Hjelpa må vera der når du treng den!
Ungdomsrådet ynskjer å invitera leiar for psykisk helse på neste møte, for å drøfte denne tematikken.
I tillegg meiner rådet at det bør vera langope i biblioteket fleire ettermiddagar, då dette er eit godt tilbod for dei som ynskje å jobba med skulearbeid. Det kan med fordel også informerast meir om at biblioteket kan bestilla bøker frå andre bibliotek.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Milica Divjak | Leiar | ||
Tuva Moen Hausken | Medlem | ||
Eva Lise Stangelo | Medlem | stangeloeva@gmail.com | |
Peder Krokedal | Medlem | pederkrokedal@gmail.com | |
Guro Marie Kleppa | Medlem | ||
Marte Hovda | Medlem | martehovda09@icloud.com | |
Sofie Stakkeland (Ikke møtt) | Medlem |