Konsert: Bjørn Vige

Bjørn Vige - Klikk for stort bilete

I samband med 150- års jubileet for Vilhelm Krags fødsel, gir Bjørn Vige i desse dagar ut eit album med nye melodiar og arrangement til tekstar av Sørlandets store diktar.

For litt over hundre år sidan komponerte Johan Halvorsen 13 melodiar til dikt av same diktar, melodiar som sidan har blitt grunnstammen i det me i dag kallar sørlandsviser.

Til fleire av Krag-tekstane har Bjørn Vige laga alternativ til Halvorsen sine melodiar. I tillegg har han laga musikk til hittil ganske ukjende tekstar av Krag.

Konserten vil elles by på historier og skrøner, ikkje minst knytt til sørlendingen og hans særeigne lynne.

"Alle mine tankar" og "Raymond"

Kristiansandaren og strandbuen Bjørn Vige har vore sentral i visemiljøet i Ryfylke sidan 1970-talet, særleg som komponist og musikar i Ryfylke Visegruppe.

Han er også «mannen bak» kjende songar som «Alle mine tankar» som dottera, Silje, song i Melodi Grand Prix i 1993, og den lokale hiten «Raymond» saman med bandet Strandafolk.

Billett

Billettpris kr 200.
Betal i inngangen (helst med Vipps) eller kjøp billett på førehand

Dato
24. november 2022
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Spinneriet