Utval: | Kommunestyret |
---|---|
Dato: | 05.10.2023 14.00 - 17.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Varaordførar hadde forfall. Silje Sværen, SV, ble valt som setjevaraordførar.
Sak om Vinterlandbruksskulen i Ryfylke:
Spørsmål frå ordførar om sak vedk. høyring Vinterlandbruksskulen i Ryfylke som ikkje står på saklista. Høyringsfristen er før neste kommunestyremøte, og difor er det ønskje om å behandle saka i dag. Om saka skal behandlast så ber Tårn Sigve Schmidt om habilitetsvurdering.
Det ble vedtatt å behandle saka og det vert oppretta ei sak på dette.
Tårn Sigve Schmidt, SP: vil be om habilitetsvurdering i sak om Vinterlandbruksskulen
Hetland, MDG, vil be om habilitetsvurdering i sak om ungdomsskulen 070/23
Munthe, H, vil be om habilitetsvurdering i 073/23 og 074/23
Gjil og Østerhus, SP, vil be om habilitetsvurdering i sak 086/23
Røysting:
Samrøystes vedteke
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Sakene vert tatt til orientering.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til orientering
Orientering frå kommunedirektøren:
Orientering frå kommunalsjef Helse og omsorg:
Orientering frå kommunalsjef Samfunn og næring:
Soppeland, H, ber om at dei folkevalde vart meir involvert i prosessane rundt bustadarbeidet i kommunen.
Orientering frå Prosjekt og digitalisering:
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til orientering.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til etteretning.
Hetland, MDG: Ba om habilitetsvurdering. Var røysta ugild (samrøystes) Ingen vara møtte.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune godkjenner omsøkt endring av reguleringsplan R5 Breiabø/Padl:
Plankart
Slik vist i framlegg frå tiltakshavar mott 07.07.23 + følgjande endringar av det:
- vegtekniske forhold til fylkesvegen skal innarbeidast slik framgår av fylkeskommunen sin uttale (avkjørsel, siktlinjer, anna veggrunn mm)
- grøntområde GAA2 utvidast litt i vest slik at heile omsynssone H560 inngår
- faresonene H310 tilpassast planavgrensinga. Kartet som viser heile utstrekninga av faresonene H310 blir temakart/vedlegg til planen
- Det skal vere formål under heile omsynssone H540, i det manglande arealet leggjast inn byggeformål “forsamlingslokale 1164 ” Øye bedehus i tråd med kommuneplanen.
- eksisterande bygg/campingeiningar tas ut av plankartet - er kun ein del av grunnkartet.
Føresegner:
Slik vist i vedlegg “Reguleringsføresegner med endringsforslag datert 25.07.23”
Reint praktisk blir denne delen av reguleringsplan R5 som gjeld Randøy feriepark/campingplassen skilt av som eigen detaljreguleringsplan : R191 Detaljreguleringsplan Randøy feriepark.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune viser til søknad om planendring for R 176 Årdal Brygge bustadfelt, justert forslag mottatt 24.08.2023
Hjelmeland kommune godkjenner søknaden med følgjande korrigeringar:
Føresegner
1. §3.1.8 om leikeplass:: Tillegg: skjerme/sikre leikeplass med gjerde, og inngang frå internveg
2. § 3.1.3 Byggeområde B1-B3: Takform på bustadbygga skal vere saltak: stryk ordlyd om flatt tak og pulttak. Garasjebygg mellom husa i B3 kan ha flatt tak (med uteopphaldsareal oppå)
3. Hovudmøneretning i B2 og B3 skal vere mot sjøen (dvs for B3 blir gjeldande plan oppretthalden, for B2 blir dette endra)
Schmidt, SP: Ba om habilitetsvurdering. Vart røysta ugild (samrøystes). Ingen vara møtte
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til orientering
Munthe, H, ba om habilitetsvurdering: Vart røysta ugild (samrøystes). Ingen vara møtte
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune godkjenner “Detaljreguleringsplan R177 Randøy stein masseuttak” slik:
1. Plankart datert 05.05.23 + følgjande endringar :
1.1Akjørsel frå fylkesvegen skal teiknast inn jf vegnormalkrava
1.2 Internveg: legg inn breiddeutviding i kurver + annan veggrunn i skjæringer og fyllinger
2. Føresegner datert 05.05.23 + kommunedirektørens endringsforslag, sjå saksframlegg og vedlagde føresegner.
Planskidringa blir oppdatert jf vedtak.
Munthe, H, ba om habilitetsvurdering: Vart røysta ugild (samrøystes). Ingen vara møtte
Røysting:
Samrøystes vedteke
IOmrådeplan for Hjelmeland sentrum blir det for gnr 59 bnr 27 gjort følgjande endring ift høyringsutkast 2023 :
1, Stranda mellom vegen og sjøen blir lagt inn som grøntstruktur på same måte som resten av strandlinja her (dvs naust og platting tillatast ikkje, og § 5.12 om naust UNB4 strykast)
2. Eksisterande brygge + utvidingsareal blir lagt inn som byggeområde “småbåtanlegg i sjø” sosikode 1587.
3. Føresegn § 5.13: Opprettheld ordlyd om utviding brygge, men tar ut ordlyd om platting. Ny føresegn blir då:
“Eksisterande brygge på 59/27 på 16x2 m kan oppretthaldast og oppgraderast. Det tillatast inntil 4 m direkte forlenging, og 7,5 m vinkel på brygga – med same utforming/materialbruk som eksisterande brygge”
Røysting:
Samrøystes vedteke
Forslag til løysing vert godkjent slik det ligg føre.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Røysting:
Samrøystes vedteke
Røysting:
Samrøystes vedteke
Røysting:
Samrøystes vedteke
Endringa av §4 pkt 1 blir vedteken slik det ligg føre.
Ryfylkefondet må utarbeida eit finansreglement som set etiske og finansielle rammer for investeringane.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune oppnevner til representantskapet som medlem Kristin Kostøl Helgaland og som 1. Vara: Håkon Helgøy og 2. Vara: Gaute Hauge.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Kommunestyret i Hjelmeland tar den framlagte forvaltningsrevisjonsrapporten «Kvalitet og kapasitet i pleie- og omsorgstenesta» til orientering.
Administrasjonen blir bedt om å ta stilling til revisor sine anbefalingar om:
Dersom Hjelmeland på eit tidspunkt vel å slå samen dei to sentra, bør kommunen grundig vurdera kva som er den beste lokasjonen. Ein bør også sørge for å redusera ulempene med det alternativet som blir valt.
Tilbakemelding på korleis kommunestyrets vedtak er følgt opp av rådmannen gis kommunestyret via kontrollutvalet ca. 6 mnd. etter at rapporten vert behandla i kommunestyret.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til orientering.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune inngår samarbeid med alkovettorganisasjonen Av-og-til, gjennom å bli Av-og-til-kommune.
Røysting:
Samrøystes vedteke
1. Kommunestyret sluttar seg til eit samarbeid om bygdevekstavtale med Kvitsøy kommune.
2. Kommunestyret meiner at Hjelmeland kommune, saman med Kvitsøy, vil være ein attraktiv kommune for utprøving av ein bygdevekstavtale.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune støttar Ryfylkemuseet sitt servicebygg i Vigatunet med 800.000 kroner.
Støtta blir lagd inn i budsjett for 2024.
Gjil og Østerhus, SP, Ba om habilitetsvurdering i sak 86. Dei vart røysta ugilde (samrøystes) Ingen vara møtte.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Kommunestyremøtet 16. mai vert flytta til 15. mai.
Møteplanen vart vedtatt slik han ligg føre, med vedtatt endring.
I “Reglar for godgjersle av folkevalde” vert kapittel 2 b endra til fylgjande tekst:
" For alle møte i kommunale styre, råd, nemnder og utval, også møte i tidsavgrensa emneorienterte utval, skal utbetalast møtegodtgjersle pr møte med satsar som fastsett nedanfor, etter ein høgare eller lågare sats:
Høgare sats:
For deltaking i møte i kommunestyret, formannskapet, areal- og forvaltningsutvalet og kontrollutvalet: kr. 3 100,- pr. møte (gjeld alle møtande medlemmer og innkalla varamedlemmer)
Varamedlemer som møter i enkeltsaker/ deler av eit møte, får utbetalt møtegodtgjersle med kr. 250,-. Dei tilsette sine representantar i administrasjonsutvalet får utbetalt møtegodtgjersle kr. 820,- pr. møte.
Lågare sats:
Medlemer og møtande varamedlemer i alle andre styre, råd og utval som har rett til møtegodtgjersle. Medlemer: kr. 580,- pr. møte. Leiar: kr. 1 165,- pr. møte. Varamedlemer som møter i enkeltsaker/ deler av eit møte, får utbetalt møtegodtgjersle med kr. 250,-."
Tilleggspunkt under kapittel 2a:
- gruppeleiarar: 2 %
Gruppeleierane tek opp heile reglementet for godgjersle av folkevalde til haustens budsjettkonferanse. Her tar ein sikte på å ende med ein prosentvis godgjersle for kommunestyrerepresentantane og hovedutvalga fom. 01.01.2024 der ein tar utgangspunkt i kommunestyret sitt vedtak fatta i 2022.
Røysting:
Forslag frå formannskapet: Samrøystes vedtatt m/vedtatt tilleggsforslag
Tilleggsforslag frå Egeland, SP: Samrøystes vedtatt
Hjelmeland kommune vel å sluttar seg til uttalen frå LVK
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune sender inn høyringssvar liklydande med Vinterlandbruksskulen sitt høyringssvar.
Tårn Sigve Schmidt, SP: ba om habilitetsvurdering i sak om Vinterlandbruksskulen. Han vart røysta ugild (samrøystes). Ingen vara møtte.
Saka blei tatt inn på saklista i møtet, men representantane hadde mottatt informasjon på e-post i forkant. Schmidt orienterte om høyringa, og gjekk frå ved behandling av saka.
Røysting:
Samrøystes vedteke