Utval: | Formannskapet |
---|---|
Dato: | 07.02.2023 14.00 - 16.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Sak 018/23 blir behandla i lukka møte, og tas opp som siste sak.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning.
Rådmannen orienterer:
Spinneripipa:
Jobben er mykje større enn fyrst antatt pga bruk av feil materiale ved tidlegare rehablilitering. Litt forseinking pga dårleg vêr. Forventar å bli ferdige i mars, innanfor budsjett.
Tippen på Puntsnes:
Avslutta pga overskridelse av rammeavtalen. Det har meldt seg ein kjøpar som ønskjer området til næringsareal. Alternativet er nytt anbod/minikonkurranse for å få rydda området.
Gladmat:
Legg opp i til deltaking i 2023. Finansiering frå næringsfond ca 300 000,-
Eventyrskogen:
Gjenopningsfest 31. mars
Sommar 2023:
Nokre sommarmarknad-dagar i sommar
22. juli Vamp-konsert i Vågen
Bubilparkering i Vågen:
No er det to kommersielle aktørar i Hjelmeland - er det framleis aktuelt å ha bubil-parkering i Vågen?
Formannskapet ønskjer ei sak om dette.
Frist for vallister - 31. mars. Rådmannen sender ut informasjon snarleg.
IVAR IKS:
Ønskjer å endre representantskapet ved å redusere tal representantar.
Skal IVAR overta alle anlegga i Hjelmeland? Føresett at Hjelmeland vert eit eige VA-område.
Hydrogen:
Det går mot fylling. Litt uklare ansvarsforhold. Har hatt møte med aktørane. DSB og Statens vegvesen møtte ikkje.
Tilsetjing av ny rådmann (kommunedirektør):
Må ha eit tilsetjingsutval.
Ordførar føreslår: Hovudtillitvald og gruppeleiarane deltek i utvalet. Malin Nordbø vert sekretær.
Sal av konsesjonskraft - Vurdering om ny politisk behandling:
Formannskapet ønskjer ikkje ny behandling av saka.
Røysting:
Samrøystes vedteke
.
Saka vert tatt til orientering
Ommundsen, SP vart røysta ugild og gjekk frå.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Det vert arbeidd vidare med realisering av “fiskerihamna som møteplass”, jfr saksutgreiing og innafor skissert pengepott (150.000 kr frå ungdomsrådet og 150.000 kr frå Rogaland fylkeskommune).
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland bedehus får tilbod om å overta arealet til tidlegare nettstasjon ved bedehuset på 59/1, jfr brev av desember 2022. Bedehuset må i så fall dekka kostnadane ved deling, oppmåling og tinglysing. Arealet skal samanføyast med bedehustomta. Viss ikkje bedehuset vil overta på desse vilkåra, vil kommunen behalda arealet til seinare bruk.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune auker investeringsstøtta til kyrkja med kr 800 000 i 2023
Dette må sjåast i samanheng med sake “Presisering låneopptak 2023”, då dette vil utgjera eit auka låneopptak med kr 800 000
Røysting:
Samrøystes vedteke
Låneopptak til investeringar i 2023 blir kr 26 mill
Låneopptak til startlån i 2023 blir kr 5 mill
Røysting:
Samrøystes vedteke
Klagen vert teken til følgje.
Røysting:
Innstilling frå rådmannen: Falt
Forslag frå Kleppa, SP: Vedtatt mot 3 stemmer (Krf, AP , H)
Forslag til vedtak
Formannskapet aukar tilskota til drift av grendahus med 60.000 kroner - frå 170.000 kroner til 230.000 kroner - fordelt slik:
Fordeling av ekstra tilskot skal skje etter same prosentvise reknestykket som det ordinære tilskotet.
Denne auka støtta er i knytta til høge straumprisar, me vil oppfordra alle desse grendalaga å tenkja energiøkonomi , kommunen kan vera behjelpeleg me støtte til dette.
Auken blir dekka inn innanfor vedteken budsjettramme.
Røysting:
Innstilling frå rådmannen m/ vedtekne endringar: Samrøystes
Endringsforslag frå Riskedal, SP: Samrøystes
Tilleggsforslag frå Hauge, AP: Samrøystes
Punkt 6 i retningslinjene for Seniortaxi blir endra. Nytt punkt 6 blir slik:
-Eigenbetalinga er kr 50,- pr tur/person uavhengig av distanse.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Brannsjef oppgåver som gjeld Hjelmeland kommune vert delegert til brann og redningssjef i Rogaland brann og redning IKS for tida Razmus Viggen.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Forslag til planprogram for kommunedelplan for grus, sand, naturstein og deponi vert sendt på høyring. Det vert starta arbeid med førebuing av sjølve planprosessen innafor dei budsjettressurser som er stilt til rådvelde.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune er positiv til at det vert utarbeidd en regionalplan for klimaomstilling. For arealrike kommunar med avgrensa administrative ressurser er det særleg viktig at kartlegging av naturfare får ha ein større plass i regionalplanen. Landbruk som lekk i arbeidet med karbonfangst bør også tilleggast vekt. Det same er klimaomstilling knytt til landbruk.
I det vidare arbeidet med planen, bør det vektleggjast å formidla meir kunnskap om tema, og bidra til kompetanseutvikling i kommunane.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland kommune er positiv til satsing på kulturmiljø og kulturarv.
Når det gjeld dei konkrete kulturmiljø som er peika ut, kan kommunen i hovudsak slutta seg til desse. Med omsyn til til Hjelmelandsvågen vert det peika på at dette er den mest sentrale tettstaden i kommunen, og det er viktig at denne tettstaden får utvikla seg vidare, samstundes som lokale og regionale mål og føringar for kulturmiljø vert ivaretatt.
Røysting:
Innstilling frå rådmannen: Falt
Forslag frå Kleppa, SP: Vedtatt mot to stemmer (AP, KrF)
Hjelmeland kommune stiller seg positiv til ein auke i grunnvassuttaket ved Tytlandsvik Aqua, som omsøkt.
Laugaland, SP stilte spørsmål om ugildskap, men vart røysta gild i saka.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Hjelmeland formannskap vedtek vedlagt strategi. Strategien skal følgast opp med årlege handlingsplanar. Den første handlingsplana skal leggast fram for formannskapet innan utgangen av august. Vidare skal skal kommunestyret handsama nye handlingsplaner i samabnd med budsjetthandsaminga.
Rådmannen kan auke kapasitet og komptanse i dette arbeidet tilsvarande 50% stilling.
Endring av overskrift pkt. 7. Det må vere eit mål at me har nok aldersvenlege bustadar i kommunen.
Handlingsplan bør prioriterast høgt, og det blir bedt om at planen kan leggjast fram til politisk handsaming før sommaren 2023.
Røysting:
Innstilling frå rådmannen m/vedtekne endringar: Samrøystes vedteke
Endringsforslag frå Riskedal, SP: Samrøystes vedteke
Endringsforslag frå Halsne, KrF: Samrøystes vedteke
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Anita Husøy Riskedal | Senterpartiet | Leiar | anita.husoy.riskedal@hjelmeland.kommune.no |
Harald Ommundsen | Senterpartiet | Nestleiar | harald.ommundsen@hjelmeland.kommune.no |
Gaute Hauge | Arbeiderpartiet | Medlem | gaute.hauge@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Kristin Kostøl Helgaland | Senterpartiet | Medlem | kristin.k.helgaland@hjelmeland.kommune.no |
Arne Kleppa | Senterpartiet | Medlem | arne.kleppa@hjelmeland.kommune.no |
Lill Synnøve Laugaland | Senterpartiet | Medlem | lill.laugaland@hjelmeland.kommune.no |
Ståle Halsne | Kristelig Folkeparti | Varamedlem | stale.halsne@hjelmeland.kommune.no |
Kolbjørn Pedersen (Ikke møtt) | Høgre | Medlem | kolbjorn.pedersen@hjelmeland.kommune.no |