Utval: | Formannskapet |
---|---|
Dato: | 21.03.2023 14.00 - 17.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Soppeland, U, Hauge, AP og Munthe, H melder om mogleg ugildskap i sak 35.
Kleppa, SP melder om mogleg ugildskap i sak 33.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Protokollen vert godkjent slik han ligg føre.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Referat- og drøftingssaker tas til etterretning.
Rådmannen orienterer:
Svar på spørsmål frå Kleppa, SP vedk. klagesak kloakk til hytte i Nordbygda: Det blir lagt fram sak til formannskapet 25. april.
Prosjekt - status:
Hjelmeland kommune har hatt beredskapsøving om hydrogenferja saman med Norled, brannvesenet m.fl.. Statens vegvesen møtte ikkje.
Eikehaugen:
Formannskapet ønskjer ei sak om det blir pengar til overs etter utarbeiding av teknisk plan, før ein ev. nyttar pengane til andre ting
Helse og omsorg:
Ordførar:
Spørsmål frå Pedersen, H:
Status for bustadbygging: Kommunen skal ha møte med fylkeskommunen om Rogalandsmodellen. Har starta opp med arbeid ihht strategien
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert tatt til orientering.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Tilstandsrapporten blir teken til orientering
Røysting:
Samrøystes vedteke
Saka vert utsett, og det vert henta inn uttalar frå Sande bobilcamping, og relevante drifterar av ein bobilcamp i Vågen.
Røysting:
Forslag om utsetjing, Ommundsen, SP: Vedtatt med 5 mot 4 stemmer:
Hjelmeland kommune viser til forslag til regionalplan for grøn industri. Utbygging og fornying av straumnettet så også dei kommunane som produserer mest straum kan få utvikla næringsliv i eit grønt skifte, er viktig. Større industriområde i Hjelmeland, som Viganeset i og Svadberg/Mælsøyrane må vera sikra rikeleg og trygg straumleveranse. Det må leggjast til rette for utsleppsfri transport også i indre delar av fylket. Totalt sett kan det sjå ut som om planen har eit for stort fokus på ytre delar.
Forslag til vedtak får tillegg: Regionalplan for grønn industri må og handla om korleis me prioriterer bruken av den grøne krafta. Stabil tilgang til grøn, rimeleg kraft er og vil vera ein begrensa ressurs som må forvaltast på ein mest mogleg samfunnsteneleg måte.
Røysting:
Tilleggsforslag frå Ommundsen, SP: Samrøystes vedteke
Opprinneleg forslag til vedtak med vedteken endring: Samrøystes vedteke
Det vert vist til forslag til verneplan for gravminne. Fellesrådet og sogelaget har gjort ein stor og viktig jobb med å samla og systematisera stoffet. Dei prinsippa som er lagde til grunn er også relevante. Alle kyrkjegardane har sine særpreg og det er viktig å få med breidden og oversikten før ein landar detaljene.
Før endeleg vern av avklara, vil rådmannen rå til at ein i det lengste unngår å fjerna gravminne som inngår i forslaget. Det må gjerast ei økonomisk vurdering, og det bør også sjåast på om det er mogleg å la gravminne få, og berre la plenen gro inntil.
I det vidare arbeid bør kommunen trekkjast inn for å vurdera kostnad og eit endeleg forslag saman med kyrkja. Utgiftene til vern må innarbeidast i budsjettet.
Tormod Øvrehus var ein sentral mann i gamle Fister kommune, var ordførar i fleire periodar og var ein særdeles aktiv og effektiv ordførar. Han starta også opp med bergverksdrift på Fister med pukkverk i tjue åra.
Tormod Øvrehus bør vera med på denne lista over interessante navn over gravminne.
Kleppa, SP reiste spørsmål om ugildskap. Han vart røysta ugild og gjekk frå. Sværen, SV stilte som vara.
Røysting:
Tilleggsforslag frå Hauge, AP: Samrøystes vedteke
Framlegg frå rådmannen: Samrøystes vedteke
Revidert økonomireglemet vedtas
Røysting:
Samrøystes vedteke
Straumstøtte vert utbetalt som berekna, basert på innkomne søknadar.
Ordning med straumstøtte til verksemder held fram etter vedteken ordning fram t. o.m. april, mai og juni 2023.
Behandling av sjølve tildelinga:
Hauge, AP, reiste spørsmål om ugildskap. Røysting: Ugild (5 mot 4 røyster)
Soppeland, U, reiste spørsmål om ugildskap. Røysting: Ugild (samrøystes)
Munthe, H, reiste spørsmål om ugildskap. Røysting: Ugild (samrøystes)
Røysting over tildeling:
Forslag til vedtak: Samrøystes vedteke
Etter røysting over tildeling vart det ein prinsippdiskusjon, om ordninga skal vidareførast.
Røysting over innkomne forslag:
Forslag frå Kleppa, SP: Samrøystes vedteke
Ryfylkefrukt SA får innvilga eit næringslån på kroner 560 000,- . Rådmannen kan overføra beløpet etter avtale med Ryfylkefrukt SA.
Rådmannen får oppgåva med å laga lånebetingelser. Lånet skal betalast tilbake innan 31.12 2023.
Røysting:
Samrøystes vedteke
Camilla Haug Flem vert konstituert som kommunedirektør frå 1. mai og fram til ny kommunedirektør startar i stillinga.
Røysting:
Innstilling frå Riskedal, SP: Samrøystes vedteke
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Anita Husøy Riskedal | Senterpartiet | Leiar | anita.husoy.riskedal@hjelmeland.kommune.no |
Harald Ommundsen | Senterpartiet | Nestleiar | harald.ommundsen@hjelmeland.kommune.no |
Gaute Hauge | Arbeiderpartiet | Medlem | gaute.hauge@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Kolbjørn Pedersen | Høgre | Medlem | kolbjorn.pedersen@hjelmeland.kommune.no |
Kristin Kostøl Helgaland | Senterpartiet | Medlem | kristin.k.helgaland@hjelmeland.kommune.no |
Arne Kleppa | Senterpartiet | Medlem | arne.kleppa@hjelmeland.kommune.no |
Lill Synnøve Laugaland | Senterpartiet | Medlem | lill.laugaland@hjelmeland.kommune.no |
Johannes Soppeland | johannes.soppeland@hjelmeland.kommune.no |