Utval: | Ungdomsrådet |
---|---|
Dato: | 07.02.2023 17.30 - 19.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Vedtak er påført møtet |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Forslag til vedtak: Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Sekretær orienterte om at ungdomsrådet har høve til å gje innspel til regjeringa si ekspertgruppe om barn i fattige familiar. Då går dei inn på www.barnifattigefamilier.no innan 1. mars.
Sekretær informerte om at formannskapet i dag, i sak 005/23, behandla saka om opprydding i Fiskerihavna. Dei var positive til at det vert arbeidd vidare med å sjå på høve for å rydda området, lage til ein samlingsplass m/tak og straum, samt ein badeplass i enden av moloen.
Ungdomsrådet er positive til ordninga, og meiner det bør vera gratis mensprodukt både på ungdomsskulen, i Hjelmelandshallen og på barneskulane.
Ungdomsrådet meiner dette er eit godt tiltak, og meiner svinn/hærverk ikkje vil vera eit problem dersom dispensarane er montert på jentetoaletta. I tillegg kan dei gjerne vera svarte, slik at dei er litt diskre, og det treng gjerne ikkje marknadsførast ut til alle elevane at det finnes - det held at det står på jentetoaletta. Det bør vera på ungdomsskulen, i garderoben til symjebassenget og i Hjelmelandshallen. I tillegg bør det vera på mellomtrinnet på barneskulane, då det gjerne er ekstra flaut for desse jentene å ha med seg mensprodukt sjølv. Dei har også mindre erfaring med det.
Det er veldig viktig at det blir fullt på dispensarane jamleg, slik at ein kan stola på at det finnes bind/tampongar der. I tillegg er det fint om det går an å ha ulike typar produkt.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Milica Divjak | Leiar | ||
Guro Marie Kleppa | Medlem | ||
Peder Krokedal | Medlem | pederkrokedal@gmail.com | |
Eva Lise Stangelo | Medlem | stangeloeva@gmail.com | |
Sofie Stakkeland | Medlem | ||
Marte Hovda | Medlem | martehovda09@icloud.com | |
Tuva Moen Hausken (Ikke møtt) | Medlem |