Utval: | Seniorrådet |
---|---|
Dato: | 24.05.2023 09.30 - 11.30 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Saka vert tatt til orientering.
Leiar orienterte kort om KS sin konferanse om aldersvennleg samfunn, på Randaberg 16. mai 2023. Det var ein nyttig konferanse, med mange gode døme på tiltak. Dersom det kjem ein liknande konferanse neste år bør denne prioriterast.
Eldreombodet oppfordra eldreråda til å sende uttale til regjeringa sitt forslag om og leggje ned eldreombudsordninga. Fristen var svært kort, så leiar sendte ein kort uttale på vegne av rådet, om at ordninga ikkje burde leggjast ned. Diverre vart dette resultatet likevel.
Hjelmeland kommune og Strand kommune inviterte i samarbeid med Nasjonalforeningen for folkehelsa til felles møte på Strand 23. mai 2023. Formålet med møtet var å opprette ein demensforening for desse to kommunane. Det vart oppretta eit interimstyre, og Nasjonalforeningen Hjelmeland og Strand demensforening vart stifta. Det kom 20-25 personar på møtet, men det er ynskjeleg med fleire medlemmar.
Politisk observatør, Tårn Sigve Schmidt, orienterte om drøfting i kommunestyret om tilrettelegging av bustadar, med tanke på alderdom. Han oppfordrar eldrerådet til å løfte fram denne tematikken, då det er eit svært viktig tema i åra som kjem. Det er viktig at ein legg til rette tidleg, slik at ein har styring på prosessen før ein har behov for tilrettelegging. Han oppfordrar også rådet på generelt grunnlag om å koma med synspunkt og meiningar i alle typer saker, då dette er til god hjelp for politikarane.
Det er ynskjeleg med ei fast sak kor rådet går gjennom kommunestyret si saksliste, for å sikra at dei kjem med uttalelsar i aktuelle saker.
Saka vert tatt til orientering
Konstituert kommunalsjef for helse og omsorg orienterte kort om konferansen om aldersvennleg samfunn på Randaberg, samt om møtet i den nye demensforeningen, som nemnd under referat- og drøftingssaker.
Det vart også orientert kort om seniortaxien. Det har blitt ei svært positiv ordning, som vert nytta av mange.
Rådet tek saka til orientering.
Planane ser veldig fine ut, og eit universelt utforma område som kan nyttast av flest mogleg er svært bra. Viktig at Jærstolen vert vedlikehalden. Dersom det er mogleg hadde det vore positivt om scenen kan opnast frå begge sider, slik at ein varetek funksjonaliteten den har idag.
Årsmelding for 2022 for eldrerådet vert godkjent, og sendt til kommunestyret for orientering.
Rådet vil markera eldredagen 2023, søndag 1. oktober.
Rådet ynskjer å fortsetje og gje kaker til dagsenteret/omsorgssenter på Hjelmeland og i Årdal. Leiar bestiller kakene.
Rådet ynskjer å arrangere middag på Smaken av Ryfylke, søndag 1. oktober 2023, kl. 1400. Berit kontaktar Smaken av Ryfylke, og undersøker i tillegg kor mange det er plass til. Sekretær undersøker kor mykje av årets budsjett som kan nyttast til dette arrangementet.
Olaug spør om barnekoret har lyst til å opptre.
Hans Ove spør om Marita Mæland kan ha foredrag om livsglede.
Leiar kontaktar sekretær når rådet har undersøkt lokale, osb., slik at ein kan setje i gong annonsering. Dette bør gjerast i august, med påmeldingsfrist i midten av september.
Saka vert tatt til orientering.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Hans Ove Mæland | Leiar | hans.ove.maeland@gmail.com | |
Sigrun Bergøy | Nestleiar | sigrunbergoy@gmail.com | |
Berit Torgersen Skiftun | Medlem | berit.t.skiftun@gmail.com | |
Olaug Synnøve Soppeland | Medlem | olaug@hesbynett.no |