Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Rådet tek saka til orientering, og nominerer Fister bygdaråd til Tilgjengelighetsprisen 2023.
Rådet ynskjer opplæring i forbindelse med nye folkevalgt-opplæring i haust. Rådene for personar med funksjonsnedsetting - rettleiar kan gjerne ligge på kommunen si nettside, under “knappen” til rådet.
Rådet ynskjer at fysioterapiavdelinga og ergoterapeuten vert inviterte på neste møte, for å orientere om tenestane sine - mellom anna det som går på utlevering av hjelpemidlar frå hjelpemiddelsentralen til kommunen.
Rådet ynskjer å nominere Fister Bygdaråd til tilgjengelighetsprisen 2023, på grunn av tilrettelegging av badeplassen på Sandnes v/Hetlandsvatnet på Fister. Det er laga ei god rampe m/rekkverk til å komma seg ut i vatnet. Tiltaket er av god kvalitet, og er tatt i bruk av både store og små. Det finnes ikkje tilsvarande tilrettelagte badeplassar i nærleiken. Det er i tillegg svært positivt at dette området har lett tilgjengeleg adkomst, og at området er populært for både lokale og besøkande i Hjelmeland kommune. Det er også universelt utforma toalettfasilitetar på området.
Sekretær utformar forslag til tekst, og kontaktar eldrerådet og ungdomsrådet for å høyre om dei ynskjer å slutta seg til dette.
Sekretær ber kundesenteret informere om synstelefonen på kommunen si facebookside.
Rådet ber kommunedirektøren om tilbakemelding på korleis tilrettelagt tenestar vert organisert framover
Rådet ynskjer ei snarleg orientering pr. e-post om kvifor tilrettelagte tenester vert omorganisert. Dei opplever at det er uoversiktleg, mellom anna veit ikkje brukarane kven dei skal forhalde seg til etter 1. juni når noverande kontaktperson sluttar. Rådet stiller også spørsmål med om det vert namneendring, når nokon av oppgåvene skal overtas av barnevernet. Det er viktig med saumlause tenestar, mellom anna for flyktningar som kjem til landet og ikkje kan språket. Dette handlar om rådet sin rolle som brukarmedverknad.
Rådet ber om tilbakemelding frå kommunedirektøren om korleis området skal universelt utformast.
Viktig med universell utforming, både på scenebygg og ned i vatnet. Det bør leggast til rette for at ein kan komma seg ut i kajakk/kano, og ein kan gjerne søka meir midlar til universell utforming for å leggja endå meir til rette. Kolbjørn Pedersen har mykje kunnskap og erfaring kring dette frå Ryfylke Friluftsråd, administrasjonen kan gjerne rådføre seg med han.
Dersom det ikkje er universelt utforma er det ynskjeleg med ei tilbakemelding til rådet, slik at dei kan meina noko om kor det er viktigast å tilrettelegga.
Rådet arrangerer aktivitetsdag 27. august, kl. 1400 - 1700, i Hjelmelandshallen.
Turen til Randåsen var vellukka. Dert er ynskjeleg med ein fast aktivitet som dette kvart år, på ca. same dato.
Aktivitetsdag i Hjelmelandshallen, 27. august, kl. 1400 - 1700:
Rådet ynskjer namneendring når ny fireårsperiode startar, og ynskjer å endra namn til Råd for personar med funksjonshindring.
Rådet ynskjer å endra namnet, og dersom det er lov å nytte ordet funksjonshindring er dette ynskjeleg. Alternativt nyttar ein ordet funksjonsnedsetting.
Saka vert tatt til orientering.
Kommunalsjef for oppvekst orienterte om brakkerigg i forbindelse med evt. bygging av ny ungdomsskule, og vil melda vidare til prosjektleiar at universell utforming er svært viktig også i den midlertidige perioden.
Rådet er positive til læringsbrett når det gjeld universell utforming. Ipad er brukarvennleg og funksjonelt.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Kari Hundsnes Barsnes | Leiar | kari.hundsnes@hjelmeland.kommune.no | |
Egil Hovda | Høgre | Nestleiar | egilhovda@hotmail.com |
Aud Valebjørg | Medlem | aud.valebjorg@hjelmeland.kommune.no | |
Helge Mæle | Medlem | helgmae@gmail.com | |
Helene Hetland | Kristelig Folkeparti | Varamedlem | hhetland01@gmail.com |