Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Saka vert tatt til orientering
Rådet er invitert til å delta på befaring av “Fiskerihavna som møteplass” 21.09, kl. 14, Helene deltek som representant fra rådet.
Fister bygdaråd har kontakta rådet og informert om at dei ynskjer å oppgradere den kommunale badestanda “Kjelavika” og gjere badeplassen universelt utforma. Rådet er positive til dette initiativet og ber Fister bygdaråd ta kontakt med kommunen om sine planar.
I forkant av dagens møte etterspurte rådet per mail status på hurtigbåtkaien på Sande, jmfr. sak 03/23. Sekretær har vidaresendt spørsmålet til ordfører.
Saka vert tatt til orientering
Kommunalsjef helse og omsorg orienterer kort om ny ungdomskule på Hjelmeland. Administrasjonen har vore i prisforhandlingar med dei fire tilbyderane og ventar på nye tilbud. Dei nye tilbuda skal bearbeidas og nytt kommunestyret vil få saka til behandling i november.
Det skal vedtas ein ny planstrategi, og det skal jobbas med samfunnsdelen i kommuneplanen. Det er eit ønske om å engasjere rådet i dette arbeidet.
Kommunen har fått eit nytt digitalt samhandlingsverktøy for individuell plan, som skal lette det tverrfaglege samarbeidet og bedra brukarmedverknaden.
Formannskapet behandla 19.09 ei sak om bustadstrategi. I bustadstrategien ligg det inne bygging av ny ambulansestasjon. Når det er bygd ny ambulansestasjon kan Tilrettelagte tenester overta lokala som no vert brukt som ambulansestasjon. Bygg og anlegg har allereie byrja å sjå på kva som må gjerast for at ambulansestasjonen skal omgjerast til lokaler Tilrettelagte tenester kan nytta. Det er uvisst når dette arbeidet er ferdig. For informasjon om framdrift i bygging/ombygging av ambulansestasjon vert det anbefalt å invitere representant frå Samfunn og Næring til eit møte. Som ei eventuell mellombels løysing i påvente av større lokaler til Tilrettelagte tenester vert det føreslege å nytte ledig avdeling i andre etg. på Hjelmeland omsorgssenter.
Statsforvaltaren ynsker ein kommunal kontaktperson for arbeidet med CRPD. Torhild Hauge Dahl er meldt inn som Hjelmeland kommune sin representant.
Råd for menneske med nedsett funksjonsevne ber administrasjonen undersøke moglegheit for hyppigare utkjøring av hjelpemiddel frå nav Hjelpemiddelsentral..
Johannes Jozef van Langen frå fysioterapiavdelinga informerer om hjelpemidler og hjelpemiddelformidling. Ved kortvarig behov for hjelpemiddel får innbyggjarar låne hjelpemidler frå kommunalt korttidslager. Ved varig behov for hjelpemidler (meir enn 2 år) må ein søke Nav Hjelpemiddelsentral om hjelpemiddelet. Ein kan kontakte fysioterapiavdelinga eller ergoterapeut på omsorgssenteret ved begge behov. Nav hjelpemiddelsentral har utkjøring av hjelpemidler til Hjelmeland anna kvar veke. Kommunen kontaktar Nav hjelpemiddelsentral for å høyre om det er mogleg å ha levering kvar veke. Ved behov for hjelp med tekniske hjelpemiddel utanom fysioterapiavdelinga sine opningstider, kan brukar ringe kommunen sin vakttelefon teknisk eller akuttvakten Nav hjelpemiddelsentral Rogaland. Kommunen skal legge akuttvakten Nav hjelpemiddelsentral Rogaland sitt telefonnummer ut på sine nettsider.
Ingunn Østensen og Marta Ommundsen informerte om brukermedverknad i Tilrettelagte tenester. Tilrettelagte tenester jobber med miljøarbeid, opplæring og bistand. Brukarane får vera med å seie kva dei treng, også jobber ein ut ifrå det. Tilrettelagte tenester har fokus på å vera aktive og finne gode arenaer for læring og mestring. Føresette til brukere over 18 som er samtykkekompetent må ha eit skriftleg samtykke for å få delt informasjon frå tenesten. Samtykkeskjema ligg ute på kommunen nettside.
Presentasjonane kan ettersende på mail om ønskelig.
Eldrerådet føreslår følgjande endringar for neste periode:
Rådet forslår følgjande endringar for neste periode: Endre navnet til Rådet for personer med funksjonshindring. Endra politisk observatør til fast medlem i rådet. Å fortsette ordninga med at første vararepresentant kan stille i møte viss ein ynskjer, og ikkje kun ved forfall. At nye rådsmedlemmer får delta på folkevalgtopplæringa. Kommunaldirektør videreformidlar ynskja til ordførar.
Det er ønskeleg at rådet får tilbakemelding frå politikarar og administrasjon hvis det er sett av økonomiske midlar til universell utforming. Rådet har tidligare spelt inn fleire behov for universell utforming rundt om i kommunen.
Rådet har i løpet av perioden invitert inn ulike tenestar i kommunen til å orientera som sitt virke. Dette er noko dei synes har vore nyttig og anbefaler å fortsetje med.
Rådet føreslår å ha arbeidsmøte eit par gonger i året utanom dei politiske møta. til dømes ved høyring av kommuneplanen.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Kari Hundsnes Barsnes | Leiar | kari.hundsnes@hjelmeland.kommune.no | |
Egil Hovda | Høgre | Nestleiar | egilhovda@hotmail.com |
Aud Valebjørg | Medlem | aud.valebjorg@hjelmeland.kommune.no | |
Helge Mæle | Medlem | helgmae@gmail.com | |
Helene Hetland | Kristelig Folkeparti | Varamedlem | hhetland01@gmail.com |