Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Val av leiar og nestleiar i Råd for menneske med funksjonshindring 2023-2027 vert utsett til neste møte, 14.02.24.
Sidan det er forfall av ein av dei faste medemmene i rådet vert valg av leier og nestleier utsett til neste møte. Jan Arne Hansen leiar dagens møte.
Saka vert tatt til orientering
I sak 031/23 i møte 20.09.23 ba rådet administrasjonen undersøke høve for hyppigare utkjøring av hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral. Svaret administrasjonen har fått frå NAV helpemiddelsentral er at dei no går inn i ein periode kor dei skal forhandle ny transportavtale, og dei vil då legge inn behov for auka leveringsfrekvens. Den nye avtalen skal vera på plass i august 2024, og viss det er noko spesielt i vekene kor det ikkje er levering fram til då, er det mogleg å bestille ekstra frakt via Bring.
Digitalt informasjonsmøte for CRPD kontaktpersoner i kommunane i Rogaland 17.11.24. Sekretær er kommunens CRPD kontaktperson og skal delta på informasjonsmøte. BUFDIR arrangerer konferanse om CRPD - Funksjonshinderkonvensjonen 04.12.23. Kommunens kontaktperson har ikkje høve til å delta, men vidaresender invitasjonen til medlemma i rådet og er behjelpelege med å booke møterom viss medlemmene ynskjer å delta digitalt.
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon har saman med SAFO og Unge funksjonshemmede laga ein opplæringspakke som tilbys kommunens råd for menneske med funksjonshindringer. Opplæringa vil skje i veke 4 – 2024. Invitasjonen går til alle i rådet (både politikere, rådssekretær, samt alle brukermedvirkere) som ynskjer å delta. Invitasjon til opplæringa vil bli sendt ut i nærmaste framtid.
Rådet etterlyser svar på status for hurtigbåtkaien på Sande som ikkje er universelt utforma. Ordførar ventar fortsatt på svar.
Plan for trafikktrygging 2021-2024 tas til etterretning.
Råd for menneske med nedsett funksjonshindring har følgjande innspel til budsjett 2024:
Økonomisjef Eli Aspen orienterte om kommunedirektørens forslag til budsjett 2024, og handlings- og økonomiplan for 2024-2027. Det er ein del utfordringar ein må planlegga for framover, mellom anna ei auke i andelen eldre, i kombinasjon med færre yrkesaktive. Ein må også ta omsyn til klimautfordringar, at det er kamp om kompetanse og mindre oljeinntekter.
Rådet meiner det er bra at det er satt av ein pott på 400.000 kr. til universell utforming i investeringsbudsjettet for 2024. Denne potten er ikkje brukt for inneværende år. Det er no planlagt oppgraderinger av heisane i Kommunehuset og på Spinneriet, og rådet trur at dette kan bli dyre oppgraderinger. Rådet ynskjer difor at de ubrukte midlene frå 2023 overføres til 2024, slik at det ligger 800.000 kr. til universell utforming i investeringsbudsjettet for 2024.
I omstillingsprosessen kommunen skal gjennom ber råd for menneske med funksjonshindring at lågterskel tilbod til målgruppa ikkje vert kutta.
Rådet etterspør om kommunal psykolog ligg inne i 2024. Kommunalsjef kan bekrefte dette, og forklarer at det jobbes med å få på plass ein digital psykologteneste. Kommunen vil gå ut på eit minianbud, og håpar det vil være på plass i første halvdel av 2024.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Ingrid Pedersen | Leiar | ingrid87-pedersen@hotmail.com | |
Jan Arne Hansen | Nestleiar | jan.arne.hansen@outlook.com | |
Helge Mæle | Medlem | helgmae@gmail.com | |
Ola Marvik | Senterpartiet | Varamedlem | ola@marvik.as |
Anne Tove G. Ingvaldstad (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | annetove@randagard.no |
Berit Søvik Østerhus (Ikke møtt) | Senterpartiet | Medlem | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |