Utval: | Barn og unge sitt kommunestyre |
---|---|
Dato: | 01.11.2023 09.30 - 12.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Vedtak er påført møtet |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Saka vert teken til orientering.
Kommunedirektør, Janne Johnsen, orienterte kort om aktuelle saker, og sa mellom anna at budsjettet for 2024 og bygging av ny ungdomsskule er dei største sakene for tida.
Kommunalsjef helse og omsorg, Camilla Haug Flem, orienterte kort om helsetenestane i kommunen. Ho oppfordra representantane i barn og unge sitt kommunestyre om å gjere seg kjent med Digi Ung, som er ei digital teneste kor ein kan logge seg inn og bestille timar osb. hjå helsestasjonen. Ho oppfordra dei også til å tipse dei andre ungdommane frå 13 år og oppover om dette tilbodet.
Kommunalsjef samfunn og næring, Jone Fuglesten, orienterte om tenestane han har ansvar for. Det er mellom anna kulturtilbodet i kommunen og kommunale bygg, uteanlegg og vegar. Han fortalte at det er sett i gong eit arbeid med å gjera fiskerihamna ved elva utføre kommunehuset til eit kjekkare område å vera på, spesielt om sommaren.
Kommunalsjef oppvekst, Håvard Østhus, orienterte om oppvekstsektoren i Hjelmeland, som er barnehagane, skulane og flyktningtenesten. Det er kome 115 flyktningar dei siste to åra, noko som fører til nye elevar på skulane og nokon får også nye naboar. Det er gratis barnehage i Hjelmeland, dette er også eit ganske unikt tilbod, som er bra for småbarnsfamiliane. Håvard orienterte også kort om tilstandsrapporten for skulane i Hjelmeland, som vert presentert for kommunestyret snarleg.
SLT- og folkehelsekoordinator, Annbjørg Breiland, orienterte om at elevråda på skulane snarleg vil bli oppfordra til å sende kommunedirektøren innspel til kommunen sin trafikktryggingsplan. Ho orienterte også om at leiar og nestleiar er invitert til workshop på Høiland gard 6. november, kl. 1730 - 2000, for å arbeide med utviklingsplan for Rogaland 2025 - 2028.
Kornkanok (Focus) Schmidt vert valgt til leiar av Barn og unge sitt kommunestyre 2023 - 2024.
Sondre Mathisen vert valgt til nestleiar av Barn og unge sitt kommunestyre 2023 - 2024.
Kornkanok (Focus) Schmidt vart valgt til leiar, ved skriftleg val. (15 stemmer + 4 blanke)
Sondre Mathisen vart valgt til nestleiar.
Det var ingen andre forslag.
Saka vert teken til orientering.
Prosjektleiar, Eirin Eidem Meihack, orienterte om arbeidet med ny ungdomskule. 2. november skal kommunestyret avgjere om det skal byggast ny ungdomsskule eller om arbeidet skal utsetjast. Dersom det vert utsett tek det sannsynlegvis ca. 2 år lengre. Dersom dei seier ja til bygging må ein skrive kontrakt med dei som skal bygga og bestille brakker som elevane kan gå på skule i medan skulen vert bygd. Forhåpentlegvis er desse klar til innflytting etter påske 2024. Deretter startar ein arbeidet med å rive den eksisterande skulen, og deretter bygge den nye, noko ein reknar med vil ta ca. 2 år. Ein planlegg for at elevane kan starte på den nye ungdomsskulen hausten 2026.
Eirin viste også teikningar av den nye skulen, og forklarte desse for representantane.
Barn og unge sitt kommunestyre kjem med desse innspela til kommuneplanen sin samfunnsdel:
I tillegg vert svara på Mentimeterundersøkinga om kommuneplanen, som representantane gjennomførte under temamøtet i forkant av barn og unge sitt kommunestyremøte, lagt ved protokollen.
Årdal skule:
Fister skule:
Barn og unge sitt kommunestyre kjem med desse innspela til budjettet for 2024:
Årdal skule:
Fister skule:
Hjelmeland barneskule:
Politikar | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|
Kornkanok (Focus) Schmidt | Leiar | Schmidtfocus@gmail.com |
Sondre Magnus Mathisen | Nestleiar | sondremag@gmail.com |
Mads Helgevoll | Medlem | |
Jonas Helgøy | Medlem | |
Gunnar Dalane | Medlem | |
Brede Skjølingstad | Medlem | |
Norah Gjil | Medlem | |
Vårin Nesheim Østebøvik | Medlem | |
Aslak Mjølhus | Medlem | |
Abdulkafi Albakkar | Medlem | |
Maud Amélie Marvik | Medlem | |
Ola Sie | Medlem | |
Hedda Vetrhus Mæle | Medlem | |
Auguste Suscenko | Medlem | |
Eva Hia | Medlem | |
Trym Egeland | Medlem | |
Adine Apeland Breiland | Medlem | |
Andrea Helgøy | Medlem | |
Ingeborg Helgøy | Medlem |