Utval: | Areal- og forvaltningsutvalet |
---|---|
Dato: | 08.02.2023 14.00 - 17.00 |
Møtestad: | Kommunestyresalen |
Status: | Møteprotokoll er ferdig |
Sakskart: | |
Møteprotokoll: |
Innkalling og saksliste vert godkjent slik dei ligg føre.
Møtetidspunkt vart diskutert som no er endra frå kl 13 til kl 14.00 jf. kommunestyrevedtak i sak 082/22. Det vart felles semd om at ein skal informera om synfaring så snart administrasjonen veit at det skal vere, helst 10-12 dagar før møtet/synfaringa.
Møteprotokollen vert godkjent slik den ligg føre.
Referat og drøftingssaker takast til orientering
Saka vert tatt til orientering.
Hjelmeland kommune gjev løyve til etablering av sovetønner med plassering slik det er synt i situasjonsplan revidert 26.01.2023, jf. plan- og bygningslova § 20-1 jf §20-4.
Forslag frå Rådmann vart samrøystes vedteke.
1. Areal- og forvaltningsutvalet forlengar gjeldande mellombels bruksløyve til 30.06.2023.
2. Areal- og forvaltningsutvalet innvilgar søknad om forlenga mellombels bruksløyve til 30.04.2024 jf. plan- og bygningslova § 21-10, jf. SAK10 §§ 8-1 og 8-2 på vilkår av at følgjande vert opparbeidd innan 30.06.2023:
Dokumentasjon på oppfylling av tiltak skal sendast administrasjonen før bruksløyvet vert forlenga.
Før det kan gjevast ferdigattest skal alle rekkefølgjekrav i reguleringsplanen vere oppfylt og det skal etablerast permanente løysingar i samsvar med godkjend plan.
3. Areal- og forvaltningsutvalet bed administrasjonen opprette sak for oppfølging av overtredelse, retta mot Enkel Bygg AS, jf. SAK10 § 16-1 b) jf plan- og bygningslova § 32-8.
Utvalet ønska presisering i strekpunkt 2 om gangveg, at det gjaldt “mellombels” gangveg.
Med den presiseringen blei forslag frå Rådmann samrøystes vedteke.
Hjelmeland kommune tek motsegnene til innregulering av naust/platting/brygge på 59/27 i Områdeplan R179 Hjelmeland sentrum til etterretning. Arealet blir regulert til grøntstruktur som i høyringsutkastet (og med same føresegn som i høyringsutkast)
Forslag frå Rådmann vedteken med 5 mot 4 røyster (Schmidt, SP, Egeland, SP, Munthe, H og Hauge, H).
Hjelmeland kommune godkjenner R187 Detaljreguleringsplan Kvaløy med følgjande endringar ift høyringsutkastet:
I plankart :
slik vist i skisse i saksframlegg:
1. LNF-underformål landbruk blir i heile planområdet endra til LNF-underformål vern av kulturmiljø med endring i førsegna 3.1.2
2. Dei skraverte områda med potensiale for kulturminnefunn blir justert ift skisse frå fylkeskommunen, og lagt inn som «bestemmelesområde» med eiga ny føresegn som sikrar mot fysiske inngrep.
3. Brygga i vest blir redusert og flytte nærare inn mot land, jf skisse i sakframlegg.
4. Dei to hyttene blir flytta nordover i nærleiken av eksiterande hytter jf skisse i saksframlegg. Administrasjonen får fullmakt til mindre tilpassingar/detaljavklaringar ift tomtegrenser, byggegrenser og føresegner for kotehøgdar slik at Statsforvaltaren sitt vilkår blir imøtekome.
I føresegner: slik framgår av saksframlegg og vist i vedlegg: Føresegner Kvaløy_inkluderte endringar til 2.gongsbehandling.
Rådmannen informerte om to nye brev frå Statsforvaltar og Rogaland fylkeskommune avdeling kulturarv. Rådmannen presiserte at dei omtalte vilkåra er inkludert i forslag til vedtak.
Røysting
Forslag frå Rådmann vart samrøystes vedteke.
Hjelmeland kommune viser til mottatt søknad om planendring R154 Detaljreguleringsplan R154 Sandvik bustadfelt.
Søknaden blir godkjent som forenkla planendring som omsøkt, sjå saksframlegg, søknad m/plankart og føresegner, med følgjande korrigering:
- Det blir lagt inn omsynssone H560_3 bevaring naturmiljø i ei sone på 3 m på kvar side av bekken, med føresegn om at naturleg kantvegetasjon skal ivaretakast og bekken skal haldast open der den er open i dag
- Byggegrensa frå bekk på tomt 12 og 14 aukast frå 1,5 m til 3 m.
Med desse endringar er reguleringsplan R154 Detaljreguleringsplan Sandvik bustadfelt endeleg vedtatt og klar for kunngjering.
Forslag frå Rådmann vart samrøystes vedteke.
Hjelmeland kommune syner til høyringsutkast for reguleringsplan R178 Breivik hyttefelt.
Planen vert godkjend med følgjande endringar:
Forslag frå Rådmann vart samrøystes vedteken.
Saka om tolkning av BYA bebygd areal i reguleringsplanar blir tatt til etterretning
Forslag/orientering frå Rådmann vart samrøystes vedteke.
Det vert gitt skjenkeløyve som omsøkt (klasse 1 og 2) til Tønnevik as for skjenking ved enkelthøve i smaband med konsert i løa på Tønnevik 18.3.23. Peter Sigmundstad vert godkjent som styrar og Åse Sigmundstad som stedfortreder. Arrangementet skal ha 18årsgrense.
Forslag frå Rådmann vart samrøystes vedteke.
Hjelmeland kommune gjev midlertidig dispensasjon i 3 år, med vilkår, frå LNF og LNF-spreidd bustad føremål i kommuneplanen for oppføring av to containerhus på gnr 19, bnr 4, jf. plan- og bygningslova §19-2.
Følgjande vilkår ligg til grunn for løyvet:
- Det tillatast ikkje permanente tiltak i grunnen som sprenging eller større fyllingar (dette gjeld òg vatn- og avlaup), alt må vere reversibelt.
- Løyvet gjeld i 3 år. Når garden er i drift kan tiltakshavar søkja om permanent løyve.
- Hjelmeland kommune avslår søknad om veg, men gir løyve til å opparbeide grussti som gjer det eine containerhuset tilgjengeleg for rullestolbrukarar.
Først blei det røysta på dei to forslaga frå Hetland (MDG):
Deretter sette utvalet Rådmannens sitt alternativ 1 opp mot alternativ 2, inkludert vedtekne endringar.
Alternativ 2 inkludert endringar vart samrøystes vedteken.
Politikar | Parti | Medlemstype | E-Post |
---|---|---|---|
Silje Sværen | Sosialistisk Venstreparti | Leiar | Silje.Svaren@hjelmeland.kommune.no |
Morten Hetland | Miljøpartiet Dei Grøne | Nestleiar | morten.hetland@hjelmeland.kommune.no |
Iren Urdal | Arbeiderpartiet | Medlem | iren.urdal@hjelmeland.kommune.no |
Torunn Munthe | Høgre | Medlem | torunn.munthe@hjelmeland.kommune.no |
Ståle Halsne | Kristelig Folkeparti | Medlem | stale.halsne@hjelmeland.kommune.no |
Berit Søvik Østerhus | Senterpartiet | Medlem | berit.sovik.osterhus@hjelmeland.kommune.no |
Tårn Sigve Schmidt | Senterpartiet | Medlem | tarn.sigve.schmidt@hjelmeland.kommune.no |
Arthur Fjeldheim Egeland | Senterpartiet | Medlem | arthur.fjeldheim.egeland@hjelmeland.kommune.no |
Bengt Åke Hauge | Høgre | Varamedlem | bengthauge@hotmail.com |
Per Mæhle (Ikke møtt) | Høgre | Medlem | per.maehle@hjelmeland.kommune.no |