Årsmøte og idémyldring: Korleis skapa meir samhald og trivsel?

Sakliste:

  1. Årsmelding for 2021 og 2022
  2. Rekneskap for 2021 og 2022
  3. Aktivitets- og tiltaksplan for 2023
  4. Fastsetja kontingent
  5. Val av leiar, to styremedlemmer og eitt varastyremedlem
Dato
30. januar 2023
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Vågaståvå/biblioteket

Mitt Hjelmeland er ei ideell foreining som har til føremål å fremja trivsel og samhald blant innbyggjarar og gjester i Hjelmeland kommune, samt å bidra til positiv kommunikasjon og omtale av Hjelmeland-samfunnet.

Mitt Hjelmeland skal oppnå føremålet gjennom å legga til rette for og koordinera trivselstiltak i Hjelmeland kommune, driva positiv kommunikasjon i nettportalen Mitt Hjelmeland, sosiale media og andre kanalar, samt vera ei ressursgruppe for idéar til tiltak som kan fremja trivsel og samhald. 

Me står mellom anna bak lokalmagasinet Mitt Hjelmeland (som blei gjeve ut i perioden 2013–2015), nettportalen på mitt-hjelmeland.no, Kodeklubben Hjelmeland og Facebook-gruppa «Kven blir med å … ?». I tillegg har me overtatt ansvaret for flyfotoarkivet og stadnamninnsamlinga i Hjelmeland.

Alle innbyggjarar og gjester i Hjelmeland, samt næringsdrivande og frivillige lag med verksemd i Hjelmeland, kan bli medlemmer i Mitt Hjelmeland. Medlemsskapet er førebels gratis.

Arrangør

Mitt Hjelmeland
Telefon
45436905

Kontakt

Morten Hetland
Postnummer og stad
4130 Hjelmeland