Tur til Skogsprett aktivitetspark

Tur til Skogsprett aktivitetspark

Skogsprett klatrepark har 5 løyper med totalt 72 elementer og 17 zipliner. I tillegg er det nettpark og andre aktivitetar. Skogsprett er ein aktivitetspark spesielt designa for å lage luftige og spennande naturopplevingar.

Barn til og med dei som er ferdig med 6. klasse må ha med foreldre. Ungdommar som er ferdige med 7. klasse våren 2024 og eldre kan reise utan foreldre/føresette. 

Dato
16. juli 2024
Tid
8:30 - 16:30
Stad
Sandnes

Reiserute

Buss frå Hjelmelandsvågen klokka 08.30, Fister klokka 08.45 og Årdal v/Årdal skule klokka 09.00. Me er framme ved Skogsprett klokka 10.30.

Retur med buss frå Skogsprett klokka 14.30, med ankomst Hjelmelandsvågen klokka 16.30.

Pris og påmelding

Påmelding innan 24. juni. 

Du som er påmeldt her frå Hjelmeland får fri reise med buss og fri tilgang til aktivitetsparken. 

Ta med gode klær, nistepakke og drikke. 

Meld deg på via skjema på Frivilligsentralen si heimeside.

Våre aktivitetsguider er med heile dagen. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med Åsmund Sigmundstad på telefon 404 39 155.