Ja, vi elsker dette landet Hjelmeland!
Ken André Ottesen sine skråblikk på vinklingar og overskrifter i norske lokalaviser har samla ein stor tilhengarskare på sosiale medium. Gjennom instagramkontoen BAdesKen har Ottesen spreidd mykje latter utover heile landet. Etter mange år som digital underhaldar, har han samla skråblikka sine i eit kritikarrost og populært liveshow som han har turnert det meste av Norge med.