Konsert: Skyggebror

Konsert: Skyggebror

Skyggebror er et band med seks medlemmer, men på denne konserten vil dei for første gong framføra songane i eit meir strippa format!

Skyggebror har røter i Ryfylke, Sandnes, Finnmark og Sola og består av erfarne musikarar. Musikken er bygd kring tekstane til Østen Vige Bergøy, og har det eine beinet planta i fest og basar og det andre i melankolien. Tilbake i juli 2021 slapp bandet sin første single, Gardsund, og gjorde ei handfull konsertar i distriktet. I november slapp dei endeleg debutalbumet “Bensinstasjonsroser”. Albumet vert gjeve ut elektronisk og på vinyl. 

Songane er spelt inn, miksa og produsert i Artbeat studio av Bjørn Erik Sørensen.
Jon Eirik Steinstø har laga melodiane og arrangementa. I musikken kombinerer Skyggebror element frå jazz og rock og hentar inspirasjon frå mellom anna Nick Cave, Svein Tang Wa og The War on Drugs.

Dato
12. oktober 2024
Tid
20:00 - 22:00
Stad
Løa i Tønnevik

Skyggebror er:

  • Østen Vige Bergøy: bloggar, tekstforfattar og vokalist i Long Night. Tidlegare vokalist i Tristania og Morendoes
  • Jon Eirik Lunde Steinstø: tangentar++. Ein av låtskrivarane bak The Brigade/Stonefish Brigade. Tidligare medlem av Helldorado, Elusive og Morendoes
  • Hans Wassvik: superbassist kjent fra bl.a. Helldorado, Tramps og Flying Shoes
  • Morten Jackman: trommeslagar og sag. Kjent fra ei rekkje band: Helldorado, Tramps, Flying Shoes, Jackman Trio, The Colors Turned Red, Wunderkammer, Tønes
  • Bjørn Erik Sørensen: gitarist og musikkprodusent (ArtBeat studios). Gitarist i Pete Johansen sitt,band “Krisepsykiatrioen”, Poets Day, Vein++
  • Jørgen Aasland: tenor- og baryton saksofon. Kjent fra Aaslandbros, Vigdel, Helldorado.

LYD

Bensinstasjonsroser kan du høyra på Spotify eller iTunes. Vinyl er i salg på Blåveis i Stavanger.

ANMELDESER

“Det er opptil flere kutt jeg elsker her og andre som ikke er langt unna. Dette er en usedvanlig sterk
debut, men så har da også bandmedlemmene spilt i årevis på ulikt hold før de gikk sammen i
Skyggebror.”

Kjøp billett for 300 kroner.

Dørene opnar kl 19 med sal frå baren, velkommen!