Workshop - berekraftig klesskap

laurdag 2. oktober 2021, 10.00 - 16.30

Informasjon

Kombinasjon av kunnskap om berekraft innanfor mote/tekstil og eit praktisk/kreativt element. 

Overordna handlar dagen om korleis me kan gi klede og tekstil lenger levetid. 

I forkant av workshopen

  • analyse av eigen garderobe og kva den består av
  • grupper det du har i klesskapet
  • definer kvifor du bruker det eller ikkje
  • kvalitet, passform, minner om ei spesiell tid eller hending

Du får tilsendt analyseskjema eit par veker før workshoppen.

På sjølve dagen

I første halvdel snakkar me om dei garderobeanalysane deltakarane har gjort. Me vel enkelte og utgangspunkt for dialog. 

Her vil me saman snakke om estetisk berekraft i kvardagen: 

  • fysisk haldbarheit (kvalitet og slitestyrke)
  • teknisk haldbarheit (passform osv.)
  • emosjonell haldbarheit (vera glad i tøyet)

I andre halvdel tek me opp korleis du kan få større utbytte av det du allereie har i klesskapet. 
Dette med utgangspunkt i den japanske broderiteknikken Sashiko, kor me vil gje klede lengre levetid ved å reparera samtidig som me gjer plagget sitt eige personlege uttrykk. 

Sashiko er ein forholdsvis enkel teknikk der det ikkje krev noko særskilt broderi- eller handverkskunnskap. Alt du treng er ei nål, tråd og ei lita saks. Og dei kleda eller tekstila du vil reparera. 

Påmelding

innan 23. september til Haldis Nilsen på e-post haldis.nilsen@hjelmeland.kommune.no 

Pris kr 500,-

Ta med

  • saks
  • klede eller tekstil som kan repareras eller få nytt liv

 

Stad

Spinneriet
 

Kontakt

Prosjekt Design med røter i Hjelmeland
 

Legg til hendinga i din kalender