12 timar gratis SFO for første trinn
Det vert 12 timar gratis SFO pr. veke for elevar på 1.trinn frå 1. august. Dette vart vedteke av regjeringa i statsbudsjettet for 2022
1. klassingane som skal starte på SFO førstkomande skuleår og allereie har søkt om plass, treng ikkje søke på nytt. Dei har fått tilsendt eit eige informasjonsbrev. Men, det er viktig at du registrerer ein timeplan over kva tider barnet skal nytte seg av SFO (innanfor den opphaldstida barnet skal ha).
Legg inn timeplan.
Dei som ikkje har søkt om plass til sitt barn på SFO, men ønsker plass, kan sende inn søknad om dette.
Sjå oppdaterte prisar på plass i SFO.
Publisert 24.06.2022 15.42
Sist endra 24.06.2022 15.43