Angåande Coronavirus

Viruset har i skrivande stund ikkje blitt påvist hjå pasientar i Noreg. Sjå www.fhi.no og riksdekkande media for dagleg informasjon. 

Me har satt ned eit arbeidsutval beståande av smittevernlege, kommunalsjef og einingsleiarar i helse og omsorg. Føremålet med gruppa er å førebu arbeidet dersom ein eventuell pandemi med det nye coronaviruset skulle nå Hjelmeland. Utvalet held beredskapsleiinga i kommunen løpande orientert om arbeidet og beredskapsnivået.

For å unngå smitte av dette og andre virus som er vanlege no på vinteren, hugs alltid: 

  • host i papirlommetørkle eller albogekroken
  • vask hender med vatn og såpe ofte og grundig
  • bruk handdesinfeksjonsmiddel dersom ein ikkje har tilgang til vanleg handvask

Dersom du har vore i regionar med infeksjon og lurer på om du er smitta (feber, hoste, muskelsmerte, tungpust), MØT IKKJE OPP på legekontoret! På denne måten kan me sikre at andre ikkje blir smitta. Ring heller legekontoret på 51 75 71 00 mellom kl. 08.00 og 15.30 eller til legevakt på 116 117. Du vil då få snakke med lege og ein avtaler vidare kor ein skal møte for undersøkelse og testing.

Les tidlegare artikkel om saka.