Anleggsarbeid Nesvik og Sande ferjekaiar

Me har hatt møte med Statens Vegvesen om anleggsarbeidet som pågår på ferjekaiane både på Nesvik og Hjelmeland.

Både Nesvik og Sande ferjekai er nå anleggsområde, der det pågår både sprenging og masseforflytting. Begge kaiane er prega av stor anleggsverksemd med store maskinar, samstundes som ferjene går etter oppsette ruter.

Statens Vegvesen tek trafikktryggleiken på alvor, og set i verk tiltak i forhold til belysning, gangsoner, skilting, skuleskyss.

Sprengingsarbeidet på Nesvik vil pågå i ca 1 månad, og massen vil i hovudsak bli frakta over til Sande til ny ferjepir der. Vegvesenet anslår at massetransporten vil bli ferdigstilt i løpet av 2019.

Referat frå møtet

Pr. 1. november er ein god del av forbetringstiltaka iverksett. Me vil halde fram dialog med Vegvesenet undervegs i anleggstida.