Arbeid i tunnelar

Arbeid i tunnelar

Statens vegvesen skal nå gjera sikringsarbeid i åtte tunnelar på riksveg 13 i Hjelmeland og Suldal, Ryfylke. 

Dei åtte tunnelane er:

  • Kjøladalstunnelen (Hjelmeland)
  • Vestre Vindsviktunnelen (Hjelmeland)
  • Austre Vindsviktunnelen (Hjelmeland)
  • Husatunnelen (Suldal)
  • Galtdalstunnelen (Suldal)
  • Osbergtunnelen (Suldal)
  • Rossajuvtunnelen (Suldal)
  • Kolstøtunnelen (Suldal)
Kart over tunnelane det blir arbeid i, Hjelmeland og Suldal - Klikk for stort bilete

Jobben startar denne veka og vil halde fram eit par månadar. 

Det blir ledebilkøyring forbi anleggsområdet. Trafikantar som skal passera her, bør berekna litt ekstra tid. 

Les meir om stengte tunnelar på Statens vegvesen sine nettsider.