Årets hjorte- og elgejakt

I dag, 1. september, går startskotet for hjortejakta og 25. september startar elgjakta opp. Me har samla litt ny informasjon og nokre påminningar til deg som skal jakte. 

  • Dette året er det ikkje påbod om innsamling av CWD-prøve. Det betyr at de ikkje treng samle inn hjerneprøve av vaksne dyr, slik som i fjor og året før. Dersom de observerer dyr som oppfører seg unormalt, og som de mistenker kan vera sjuke, må de melde frå til oss.
  • Rapportering av sette og skutte dyr skal gjerast undervegs i jakta på hjorteviltregisteret.no eller i appen «Sett og skutt». Finn du ingen jaktfelt på valdet ditt? Ta kontakt med oss så fiksar me det!
  • Hugs plikta til å gjennomføra ettersøk dersom skadeskyting, og påbodet om tilgang til godkjent ettersøkshund.

SKITT JAKT!