Årets vinnarar av Kulturprisen og Hjelmelandsprisen

I tradisjon tru vart Hjelmelandsprisen og Kulturprisen delt ut under siste kommunestyremøte før jul, i dag 16. desember. 

Kulturprisen 2021

Me gratulerer vinnaren Hilde Thomsen med prisen!

Grunngjeving:

Hilde Thomsen er ein kjent teiknar og illustratør som har flytta tilbake til heimstaden med sitt arbeid som aktiv kunstnar på heiltid. Ho har atelier og galleri i teiknestova i løa si på Fister. Ho karakteriserer landskap, folk og dyr gjennom sine teikningar og bilete på ein artig og fargerik måte. Ho formidlar kultur og kulturhistorie med sine arbeid, med sine karikakturteikningar er ho med sin kritiske strek med i debatten om viktige samfunnsspørsmål som er ein del av vår samtidskultur. Arbeidet hennar er kjent langt utafor Hjelmeland sine grenser. Forhold til dyr og natur er ein viktig del av kulturen i Hjelmeland, med sine karikaturteikningar løftar Hilde fram dyra på ein særprega og respektfull måte. Ho har også kurs for barn, slik at  dei får oppleva kunst i tidleg alder. Kunstnar Hilde Thomsen er ein verdig vinnar av kulturprisen i Hjelmeland.

Kulturprisen

Formannskapet deler ut kulturpris til personar, lag eller oganisasjonar som har gjort ein stor og verdifull innsats for kulturlivet, eller gjennom frivillig innsats vore ei eldsjel for lokalmiljøet i Hjelmeland kommune.

Hjelmelandsprisen 2021

Me gratulerer fruktprodusentane på Helgøy: Gøril Gilje Helgøy, Geirmund Helgøy, Anne Norunn Helgøy og Kristen Helgøy med prisen!

 Grunngjeving:

Etter at nye generasjonar overtok dei to bruka på Helgøy har det blitt satsa stort på fornying og innovasjon i frukthagane på Helgøy. Det er dyrka på ny, og fornya frukthagar. Plantingane er etter tettplantingsprinsippet, med gjødsling og vatning direkte til trea. Satsinga på denne dyrkingsmetoden har gjort at det brått reiste dyrkarar på studietur til Helgøy i staden for til Hardanger! Fruktareala er utvida, det er satsa på fleire fruktsortar og foredling og tilleggsnæringar. Geirmund og Gøril har eplesaft i fleire variantar, dei har selt moreller på torg og andre stader, og morellene frå Helgøy er i finalen i "Det norske måltid". Kristen og Anne Norunn har bygd "Epleriet" og Helgøy er blitt ein flott plass for store selskap som bussturar, firmafestar, bryllup osv - før brua til Helgøy opnar. Alle desse momenta gjer at fruktproduksjonen og Helgøy marknadsfører Hjelmeland langt utafor kommunen sine grenser.

Hjelmelandsprisen

Kommunen ønsker å heidre ein person, organisasjon, bedrift eller liknande som har profilert kommunen gjennom næringstiltak, eller andre engasjement som profilerer Hjelmeland kommune på ein positiv måte.

Diplom og gåve

Diplomane som vart delt ut er teikna av Christian Laugaland Munthe. Prisvinnarane får også eit kunstverk til ein verdi av kr 7000 som er under bestilling og vil bli levert seinare. 

Bilder frå utdelinga

Prisvinnarane Helgøyfrukt - Klikk for stort bileteFungerande ordførar Anita H. Riskedal saman med prisvinnar Helgøyfrukt, Gøril Gilje Helgøy og Geirmund helgøy Åsmund Sigmundstad      Prisvinnar Helgøybakkane Fruktgard - Klikk for stort bileteFungerande ordførar Anita H. Riskedal saman med prisvinnar Helgøybakkane Fruktgard, Anne Norunn Helgøy Åsmund Sigmundstad     Prisvinnar Hilde Thomsen - Klikk for stort bileteFungerandre ordførar Anita H. Riskedal saman med prisvinnar Hilde Thomsen Åsmund Sigmunstad