Arrangere noko under koronapandemien?

Det er mange som lurer på om dei kan eller bør arrangere noko no under koronapandemien. Det er viktig å finne ein balanse mellom det å kunne leve “som før” og smittevern. Det er fullt mogleg å ha eit arrangement, dersom ein gjer dei rette grepa for å redusere risikoen for smitte. 

Privat kan ein samla maks 20 personar, men hugs råd om avstand og hygiene. 

Tiltaka ein MÅ ha i offentlege arrangement, er hjemla i covid-19-forskriftas kapittel 5, §13.
I skrivande stund er dette hovudtrekka: 

  • det må vera på offentleg stad
  • maks 200 deltakarar
  • det skal ligge til rette for >1 meter avstand mellom deltakarane (med enkelte unntak)
  • arrangøren skal iverksette tiltak som bidreg til at dei sjuke ikkje er til stades på arrangementet og gjera det mogleg å ivareta god hygiene
  • arrangøren må ha oversikt over kven som var til stades

Meir informasjon frå Helsedirektoratet.

Gode råd frå Folkehelseinstituttet, inkludert sjekklister.

Vanlege spørsmål og svar.