Asfaltering i kommunen

Neste veke blir Asfalteringsveke i Hjelmeland med stor A. Me startar måndag 2. september og planen er å vera ferdige torsdag 5. september. 

Asfalteringsplan

  • måndag asfalterer me vege til Skiftin bedehus
  • tysdag er me på Kvame
  • onsdag skal me asfaltera Vigavegen
  • torsdag er me i Hagahaugen

Dersom det blir endringar i tidsplanen vil me sende ut ny beskjed til dei det gjeld. 

Elles vil me berre ønska deg ei fin helg!