Avlingssvikt, fôrmangel og erstatning

Dersom du har avlingssvikt pga tørke eller andre klimatiske årsaker, finn du meir informasjon  om ordningar som søknad om erstatning for avlingssvikt, produksjonstilskot og RMP i 2018 nedanfor.

Informasjon om ordningane som gjeld no i tørketider

Ser det ut for at du har avlingssvikt som er så omfattande at det er aktuelt å søkje erstatning, så gi melding til kommunen snarast råd.

Så ser ein når sesongen er over om totalavling er så mykje mindre enn normalavling at du vil søkje erstatning. Her er ein eigenrisiko på 30%.

Søknadsfrist er 31.oktober 2018.

Korleis søkje (lenkje til Landbruksdirektoratet)

Anne Kari Skogerbø
Fagkonsulent landbruk
E-post
Telefon 404 39 126