Besøk frå Norges frivilligsentral
Hjelmeland frivilligsentral har hatt besøk frå Norges frivilligsentraler. I samanheng med prosjektet «Mobilisering mot einsemd»
Sist endra 10.11.2023 13.45
Prosjektet er eit nettverk som jobber med å inkludere sårbare grupper som er utsett for utanforskap og einsemd. Camille Charles jobber som prosjektkoordinator i Norges Frivilligsentraler og koordinerer arbeidet med nettverket og kartlegging av sentralane. Ho er på bilde saman med Åsmund Sigmundstad. 
Eit spennande prosjekt der 16 frivilligsentraler er blitt valgt ut til å vere med i nettverket og har jobba med dette sidan mai.