Bjørn Laugaland

Det er med stor sorg me i dag har motteke melding om Bjørn Laugaland sin bortgang. 

Våre varmaste tankar og kondolansar går til kona Aud og borna.

Ordførar Bjørn Laugaland Bjørkhaug

I Hjelmeland kommune kjenner me på takksemd for det utrøyttelege og viktige arbeidet Bjørn har gjort som folkevald og ordførar. Han har vore folkevald i 23 år, og ordførar i 11 av desse. 

På det personlege plan veit me at Bjørn har betydd mykje for mange. Derfor er me mange som kjenner på sorg i dag.  

Anita H. Riskedal
Ordførar