Bli digital bøsseberar!

Sidan 1974 har TV-aksjonen vore omtalt som den største dugnaden i verda. I år er det ein annan dugnad som er større – kampen mot COVID-19. TV-aksjonen blir difor digital i år. 

Den gode søndagsturen med bøsse i handa blir det ikkje noko av i år. På grunn av smittefaren kan me ikkje gå frå dør til dør og banka på, men det er fullt mogleg å bli bøsseberar likevel! I år skal du registrera deg som digital bøsseberar på blimed.no.

15. september opnar sjølve registreringa. Dei digitale bøssene blir 5. oktober opna for innsamling. Bøssene vil vera opne fram til 1. november. I år er bøssene kun å finne på nett og måten du skal samla inn pengar på, er dela lenka til bøssa på 

  • sosiale medium (Facebook, Instagram, snapchat eller andre)
  • e-post
  • sms
  • til nettverket ditt

Hugs å minne dine følgarar om å gje pengar i di digitale bøsse. Det er mogleg å betala med Vipps eller bankkort. Den som gjer pengar kan velja å registrera namnet sitt eller vera anonyme. Du vil heile tida kunna følga med på kor mykje pengar som er kome inn på bøssa di.

Årets tema er noko vi alle er opptatt av: reint hav utan søppel. 

WWF Noreg jobbar for å kjempa mot plast i havet og er i år organisasjonen som mottek pengane. Dei er den største miljøorganisasjonen i verda og finst i over 100 land. Innsamlinga skal ta plasten ved rota, og starta der behovet er størst; i søraust-Asia og landa Thailand, Indonesia, Vietnam og Filippinane.

Åtte millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. Plasten truar ikkje berre dyrelivet, men også oss menneske. Med konkrete tiltak skal aksjonen redusera plastutsleppa og ta vare på verdshava. 

Meir enn 900.000 menneske skal få nye og forbetra avfallssystem. I samarbeid med styresmakter, lokalbefolkning og næringsliv skal bruken av unødvendig plast reduserast. Gode avfallssystem kan bidra til å endra lokalsamfunn og gjera menneske meir knytt til sitt nærområde. 

Les meir om tema for i år på www.blimed.no og følg oss på Facebook og Instagram – TV-aksjonen Rogaland.