Blomstrande Hjelmeland

"Blomstrande Hjelmeland" er eitt av fleire konkrete tiltak for å skape ein attraktiv stad, både i Hjelmeland sentrum og i resten av kommunen. Gjennom samarbeid med frivillige, næringsliv og kommune ønsker me meir fokus på temaet, for å skape nærmiljø som er trivelege, vakre og som folk føler seg velkomne til.

Mål

Grøne, blomstrande og velstelte områder har stor trivselskapande effekt på menneske, og er med på skape lokal identitet og god kjensle for ein stad. Prosjektet går ut på å plante meir blomstrande vekster i vårt nærmiljø, men òg på å formidle idear og kunnskap for å stimulere til meir bevisst satsning på blomar som trivselskapande element i vårt «kvardagslandskap».

Bakgrunn

Blomstrande Hjelmeland har sitt opphav frå sentrumsutviklingsprosjektet Vågen360 og initiativ frå Hjelmeland Hagelag. Det er òg nedfelt som eitt av fleire tiltak både i Hjelmeland Naturlegvis-satsinga og vår Frivilligstrategi, som favnar heile kommunen. Det er altså fleire prosjekt som grip inn i kvarandre, og som er med på å byggje opp under eitt av våre hovudmål i kommuneplanen: Attraktive lokalsamfunn!

Prosjektet er eit samarbeid mellom Hjelmeland Hagelag, Hjelmeland Handel-og serviceforening og Hjelmeland kommune. 

Konkrete tiltak 2020:

  • Blomstertårn, blomsterkassar, blomsterfat: det blei sendt ut prisførespurnad for desse konkrete tiltaka med oppstart våren 2020. Hauge Gartneri på Randøy er vald som leverandør. Målet er å få etablert blomstertårn på Hjelmeland, Årdal og Fister + blomsterkassar på Vågabrua i Hjelmeland + blomsterfat og plantar. Kommunen står for 100 000 i innkjøp, medan Hagelaget har søkt om midlar til planter. Meir info kjem utover våren.
  • Vakraste inngangsparti - konkurranse: me lyser ut ein konkurranse som går vekstsesongen 2020. Målet er bevisstgjering på korleis me helsar velkommen med trivelege og frodige inngangsparti, anten det er til butikken, arbeidsplassen, møteplassen eller kanskje bygda. Premiering blir i to klassar: 1. næringsliv, bygdelag/organisasjonar og offentleg verksemd og 2. private. Premiering 5. september på Norsk Frukt- og Laksefest.
  • AVLYST! Blomster-kick-off, Spinneriet, torsdag 26.mars: arrangementet UTGÅR som følgje av korona-situasjonen. Det var tenkt som ei samling for frivillige, næringsliv og offentlege med fokus på å sparke igang konkurransen, med idear og tips til planting, blomsterflor og vakre/trivelege inngangsparti + samhandling med Hauge gartneri og andre lokale forhandlarar av dei relevante produkta som trengs for å skape Hjelmelands vakraste inngangsparti! Me vil forsøke å synleggjere oppstart av "Vakraste inngangsparti"-konkurransen på meir digitale måtar 
  • Synleggjere bidrag til Vakraste Inngangsparti Hjelmeland på Facebook der me løfter fram gode eksempel frå heile kommunen på fysiske blomstrande og frodige bidrag til konkurransen, men generelt òg å formidle blomstertips, idear og kunnskap! Målet med FB-hendinga er å skape merksemd og positiv stimulans til å få lyst til plante og pynte.  

Prosjektgruppa har òg som mål å få til meir langsiktige og heilskaplege strategiar ift. grøntstruktursatsinga, ut over desse konkrete tiltaka i 2020.

Prosjektet er tufta på formannskapsvedtak 17/20 og her finn du meir info om Blomstrande Hjelmeland.