Breiband

I starten av mai la me ut anbod om utbygging av breiband i kommunen. Denne utbygginga er retta mot dei områda i kommunen som ikkje har breiband i dag. Når det gjeld område for utbygging kan det være at einskilde område med få aktuelle abonnentar ikkje er tatt med. Me ønsker informasjon om det skulle være område som ikkje har kome med i utlysinga. Eventuelle område vil bli lagt inn. 

Å legge til rette for breiband i heile kommunen vil væra svært kostbart. Me har fått om lag 3 millionar kroner av statlege midlar via Nkom (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet). I tillegg har kommunestyret sett av om lag 2,5 millionar til denne utbygginga. Vidar skal me no søke om nye Nkom-midlar, og det vil bli vurdert å setta av meir eigne kommunale midlar til denne utbygginga. 
Uansett vil ei total utbygging ta fleire år.

Oversikt over områda som er tatt med i utlysninga. 

Les anbodsutlysinga.