Eigedomskatt 2020

Kommunestyret har gjort vedtak om alminnelig taksering (hovudtaksering) av eigedomsskatt for heile kommunen etter eigedomsskattelova §3a frå inneverande skatteår. Takstane vert utskrivne 1. mars og er gjeldane i 10 år frå alminnelig taksering.

Skattesatsar er 2 promille for budstad- og fritidseigedomar. For nærings- og energieigedom (kraftverk, kraftnett m.m.) er satsen 7 promille. Nytt i år er at det vert ikkje gitt botnfrådrag for bueining i budstad eller fritidsbustad.

Eigedomskattelista ligg til offentleg ettersyn i biblioteket frå 1. mars - 30. april (obs! ny dato). Samstundes er det sendt ut ein "skatteseddel" for informasjon om årets eigedomskatt til alle eigedomar. Klagefrist er 6 veker gjeldande frå 1. mars. Retningslinjer og vedtekter finn du via lenka eller du kan få papirutgåve i biblioteket. NY frist for å klage på eigedomsskattevedtaket er 30. april. 

Les meir om eigedomsskatt og fakturering. Her finn du også informasjon om antal terminar avgifta skal betalast. Dei som ønsker faktura ein eller to ganger i året må sei i frå til økonomiavdelinga innan 18. mars. 

Fritaksliste for 2020 etter eigedomskattelova §7a og §7b er vedtatt i kommunestyret 18. desember 2019. Syner til retningslinjer om fritak og fritaksliste etter §7. Andre som ønsker å søke fritak frå eigedomsskatt etter §7a eller b kan senda fritakssøknad til eigedomskattekontoret innan 15. april.

Les meir om ny taksering av eigedomsskatt.