Eigedomsskatt 2021

Kommunestyret har 16. desember 2020 gjort vedtak om generell eigedomsskatt for heile kommunen etter eigedomsskattelova § 3a. Alminneleg taksering var i 2020. Takstane er gjeldande i 10 år frå alminnelig taksering. Takst vert endra for eigedommar med endring pr. 1. januar 2021 (nye tomter, nybygg, utgåtte bygg og frådelingar). Det vert ikkje gitt botnfrådrag. 

Skattesats 2021

Skattesatsane for 2021 er 2 promille for bustad-, fritidseigedomar og næringstomter og 7 promille for næring/energi. Minstebeløp pr. år for utskriving av skatt er kr 300. Fritak vert gitt etter § 5 og 7. Nybygde bustader med taksering for 2021 får fritak for bustadbygg etter eigedomsskattelova § 7c.

Eigedomsskattelista til offentleg ettersyn

Eigedomsskattelista med fritaksliste for 2021 er til offentleg ettersyn på kundesenteret frå 1. mars - 22. mars 2021.
Det vert innan 1. mars 2021 sendt ut ein "skatteseddel" som informasjon om årets eigedomsskatt, til eigedom med skatt over kr 300. Klagefrist er 6 veker frå 1. mars 2021.

Faktura

Eigedomsskatt er ei kommunal avgift og vert fakturert samstundes med andre kommunale avgifter (vatn/kloakk og feiing). Faktura for 2021 sendes ut i 4 terminar med forfall 20. april, 20. juni og 20. oktober og 20. desember 2021.

Alternativt kan kunden velje 1 eller 2 terminar i året ved å kontakte økonomiavdelinga, tlf. 51 75 00 00.

Dei som i 2020 har avtalt 1 eller 2 terminar i året får faktura for 2021 i samsvar med avtale.