Eigedomsskatt 2023

Kommunestyret gjorde 16. desember 2022 vedtak om generell eigedomsskatt for heile kommunen etter eigedomsskattelova § 3a. Alminneleg taksering var i 2020. Takstane er gjeldande i 10 år, men vert endra ved vesentleg endring pr. 01.01.2023 (nye tomter, nybygg, utgåtte bygg og frådelingar). Det vert ikkje gitt botnfrådrag. Skattesatsane for 2023 er 2 promille for bustad-, fritidseigedomar og næringstomter og 7 promille for næring/energi og særskilt skattegrunnlag. Minstebeløp pr år for utskriving av skatt er kr 300. Fritak vert gitt etter § 5 og 7. 

Eigedomsskattelista med fritaksliste for 2023 er til offentleg ettersyn på kundesenteret frå 01.03– 22.03.2023.
Det vert innan 01.03.2023 sendt ut ein "skatteseddel" som informasjon om årets eigedomsskatt, til eigedom med skatt over kr 300. Klagefrist er 6 veker frå 01.03.2023.

Betaling og delbetaling

Eigedomsskatt vert fakturert samstundes med andre kommunale avgifter (vatn/kloakk og feiing).

Faktura for 2023 sendes ut i 4 terminar med forfall

  • 20. april
  • 20. juni 
  • 20. oktober 
  • 20. desember 

Alternativt kan ein velje ein faktura med forfall 20. april eller to fakturaer med forfall 20. april og 20. oktober.

Delbetaling kan avtales ved å kontakte økonomiavdelinga på tlf. 51 75 00 00.

Dei som før har avtalt færre terminar får faktura som avtalt.