Eigedomsskatt 2024

Eigedomsskatt 2024

Kommunestyret har 14. desember 2023 gjort vedtak om generell eigedomsskatt for heile kommunen etter eigedomsskattelova § 3a. Alminnelig taksering var i 2020.  Takstane er gjeldande i 10 år, men vert endra ved vesentleg endring pr 01.01.2024 (nye tomter, nybygg, utgåtte bygg og frådelingar). Det vert ikkje gitt botnfrådrag. Skattesats for 2024 er 2 promille for bustad-, fritidseigedomar og næringstomter og 7 promille for næring/energi og særskilt skattegrunnlag. Minstebeløp pr år for utskriving av skatt er kr 300. Fritak vert gitt etter § 5 og 7. 

Eigedomsskattelista og klagefrist

Eigedomsskattelista med fritaksliste for 2024 er til offentleg ettersyn på kundesenteret frå 01.03– 22.03.2024.

Det vert innan 01.03.2024 sendt ut ein "skatteseddel" som informasjon om årets eigedomsskatt, til eigedom med skatt over kr 300. 

Klagefrist er 6 veker frå 01.03.2024

Fakturering

Eigedomsskatt vert fakturert samstundes med andre kommunale avgifter (vatn/kloakk og feiing). Faktura for 2024 sendes ut i 4 terminar med forfall 

  • 20. april
  • 20. juni
  • 20. oktober
  • 20. desember

Alternativt kan ein velje 1 termin med forfall 20.04 eller 2 med forfall 20.04 og 20.10. 

Delbetaling kan avtales ved å kontakte økonomiavdelinga på telefon 51 75 00 00. Dei som før har avtalt færre terminar får faktura som avtalt.