Endring av nivå i trafikklysmodellen

Dersom kommunen ikkje får meir koronasmitte enn me har i dag, vil barnehagane og skulane gå til grønt nivå frå i dag, torsdag 27. mai. Ved den minste endring av smittetrykket i kommunen, vert nivået heva til gult eller raudt nivå. Både barnehagane og skulane må planlegga for å skifta til gult og raudt nivå på kort varsel.

Det er framleis viktig at ein:

  • Ikkje klemmer
  • Ikkje handhelsar
  • Vaskar og spritar hender
  • Er heime dersom ein er sjuk
  • Testar seg dersom ein har lette symptom på sjukdom
  • Dei vaksne bør seg i mellom helst halda 1 m avstand

Frå hausten 2021 skal barnehagane og skulane planlegga for grønt nivå, med mindre den lokale smittesituasjonen tilseier noko anna.

Meir informasjon om tiltaksnivå og planlegging av nytt barnehage- og skuleår kan du lesa om på Utdanninsdirektoratet sine nettsider

Tiltaksnivå og planlegging for hausten - barnehage

Tiltaksnivå og planlegging for hausten - skule