Endring av oppdrettsanlegg - Vindsvik, Jøsenfjorden

MOWI ASA har søkt om løyve jf akvakulturloven til etablering av nytt semilukka produksjonsanlegg for postsmolt laks ved Vindsvik i Jøsenfjorden.  Anlegget vil bestå av to tankar på kvar side av ein flytande lekter. 

På lokaliteten er det eit eksisterande anlegg med 12 ringmerdar og forflåte. Ringanlegget blir fjerna når tankane er plassert på lokaliteten og omvendt, dvs kun eitt fysisk anlegg i bruk på lokaliteten samtidig. Endringa medfører ikkje auke i  produksjonsvolum . Tankanlegget er omsøkt ca 40 m frå land, med feste i land, landgang ut og foringsflåte. Det vil òg bli behov for m.a. oksygentank på land.   Delar av anlegget i sjø er i tråd med akvakulturformålet i kommuneplanens arealdel. Delar av anlegget i sjø behandlast som dispensasjon; jf fri sone langs sjøen, forankring mot land.  Det er skissert behov for feste i land og oksygentank på nordsida av RV13. Tiltak på land behandlast som dispensasjon frå kommuneplanen. Saken blir lagt fram for Areal-og forvaltningsutvalet etter høyring.  

Klikk for stort bilete 

Konsesjonsbehandlinga blir føreteke av Rogaland Fylkeskommune, Næringsavdelingen. Kommunen er uttaleinstans til konsesjonssaka, og dispensasjonsmyndigheit ift kommuneplan.

Her finn de søknadsdokumenta
Merknader til søknaden rettast til:
Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland, postmottak@hjelmeland.kommune.no  innan 20.08.2020

Plan-og forvaltning, Hjelmeland kommune.