Enkelte leverandørar av digitale tenester har fått utdelt fødselsnummer utan avtale

Enkelte leverandørar av digitale tenester har fått utdelt fødselsnummer utan avtale

Ein feil i Feide har ført til at leverandørane bak nokre av dei digitale tenestene som me bruker i Hjelmelandsskulen har fått meir informasjon enn avtalt, når brukarar har logga seg inn med Feide mellom 19. januar kl. 11:43 og 25. januar kl. 13:57.

Enkelte av leverandørane våre har altså fått tilsendt fødselsnummeret til brukarane våre, i tillegg til den avtale informasjonen som dei faktisk skal motta når ein brukar loggar seg inn med Feide.

Feilen i Feide blei retta 25. januar klokka 13:57.

I Hjelmelandsskulen gjeld dette følgjande digitale tenester:

  • Skrible frå Kommuneforlaget AS (2 personar) 
  • Lingit frå Lingit AS (1 personar) 
  • Skolestudio frå Gyldendal Norsk Forlag AS (186 personar)
  • Cappelen Damm Utdanning frå Cappelen Damm AS (164 personar)
  • Salaby frå Gyldendal Norsk Forlag AS (85 personar)
  • Elevkanalen / TV 2 Skole frå TV 2 AS (71 personar)
  • Showbie frå Showbie Inc (30 personar)
  • Multi Smart Øving frå Gyldendal Norsk Forlag AS (25 personar)
  • iMAL-lesing frå iMAL Norge AS (20 personar)
  • DragonBox Account frå Kahoot DragonBox As (8 personar)
  • Skolerom frå Skolerom AS (1 personar)
  • Gyldendal Norsk Forlag frå Gyldendal Norsk Forlag AS (1 personar)

Merk: Det er eit overlapp mellom personar på dei ulike tenestene. Dermed vil det totale talet på råka personar vera mindre enn summen av personar per teneste.

Tenesteleverandørane har stadfesta at dei anten ikkje har lagra fødselsnummera, eller at dei har sletta fødselsnummera frå sine system.

Tenesteleverandørane er vane med å motta og handtera persondata, og Hjelmeland kommune skal ha databehandlaravtalar med desse, for at lagring og utveksling av persondata skal skje på lovleg vis.

Sikt, som leverer Feide, understrekar at fødselsnummera ikkje har vore opent tilgjengelege på nett på noko tidspunkt.

Sikt har full kontroll på kva personar, vertsorganisasjonar og leverandørar som er råka av feilen.

Sikt og Hjelmeland kommune har varsla Datatilsynet om hendinga.

Les meir om saka hjå Sikt

Morten Hetland
Lærar / Rådgjevar skuleutvikling
E-post
Ann-Cathrin Berge Kleppa
Oppvekstrådgjevar
E-post
Telefon 40 43 91 77