Fastbuande og fibertilkobling?

Bur du i eit område der det er lagt fiber i Årdal, på Hjelmeland, Fister, Jøsneset, Børøy, Randøy, Viganeset, Viga eller Byrkja? Har du av ein eller annan grunn ikkje fått tilbod om tilkobling? Eller har du ikkje hatt moglegheit på grunn av høg tilknytningskostnad? Nå ønsker me å lage ei oversikt over fastbuande som likevel ønsker tilkobling. Me ønsker også oversikt over fastbuande som ligg utanfor nemnde område i denne artikkelen og som dermed kanskje ikkje kan få tilbod om breiband.  

Dersom du vil stå på denne lista sender du oss ein e-post til postmottak@hjelmeland.kommune.no med "Fibertilknytning" i emnet.

I e-posten skriv du:

  • namn
  • telefonnummer
  • adresse
  • gards- og bruksnummer, om du veit

Prosjekt "Breiband til alle" og områda

I kommunen har me eit prosjekt «Breiband til alle» der alle fastbuande og bedrifter skal kunne få tilbod om fibertilknyting innan 2025. Det er allereie bygd ein del fiber i kommunen og me har planar om å få bygd ut fleire område.

Det er tilbod om fiber i områda Hjelmeland, Årdal, Fister, Jøsneset, Børøy, Randøy, Viganeset, Viga og Byrkja. 

I 2022 er det starta prosjekt for å kunne tilby fiber til husstandar ved Hetlandsbygd, Riskedal, Åsen, Gjessfjell, Solbjør, Soppaland, Espeland, Åsland, Vormedalen og Funningsland. Vidare har me planar om prosjekt for å etablere fiber til områda Kvame, Fjedlet, Hagalid, Jøsenfjorden, Riveland, Egland og Målandsdalen.