Feiegebyr - spørsmål og svar

Det nærmar seg tida der faktura for feiing/tilsyn dukkar opp i postkassa/nettbanken. Erfaringsmessig veit me at det då dukkar opp ei rekke spørsmål og me vil prøve å svare på desse alt no. Sidan sist fakturering har me fått tilsett vår eigen feiar i 100 % stilling. Me er difor i ein heilt annan situasjon enn i 2019, då me midlertidig stod utan feiar og berre tok unna det som var akutt.

Spørsmål og svar

1. Eg har ikkje hatt besøk av feiaren i år, må eg då betale?
Svar: Ja. Feiegebyret er eit årleg gebyr, basert på eit sjølvkostrekneskap.

2. Eg har fjerna skorsteinen/vedomnen og nyttar ikkje lenger den type oppvarming i (fritids)bustaden min. Då må eg vel ikkje betale?
Svar: Du kan søke om fritak for feiegebyr dersom eit av fylgjande to vilkår er oppfylt:

  • Bustaden er ubebudd i eit heilt kalenderår. 
  • Det vert berre nytta oppvarming som ikkje treng røykavløp. Ildstaden må då fjernast frå pipa eller pipa må fysisk verta sperra for bruk.

Søknadsskjema og anna relevant info.

Merk at fritak frå gebyr gjeld frå og med neste år. Årets gebyr må betalast.

3. Sist feiaren var her, vart det ikkje feia grunna manglande stige/tilkomst tak. Kva gjer me med det?
Svar: Du ringer oss og avtaler nytt besøk av feiar så snart du har fått på plass godkjent stige. Fakturaen må du nok betale.

4. Hytta mi ligg langt utanfor allfarveg (hutiheita), så feiaren har aldri vore der, og kjem nok ikkje til å kome heller. Kvifor skal eg då betale gebyr?
Svar: Feiaren har sett av vår/sommar 2021 til å ta unna alle hytter som ligg utanfor vegnettet. Du vil bli kontakta direkte for å avtale tid når det nærmar seg.

5. Det er meir enn fire år sidan sist feiaren var her, så då treng eg vel ikkje betale dette året?
Svar: Feiing skal utførast etter ei behovsprøving. Det vil sei at for nokre vil behovet vere kvart år, medan for andre kan det vere nok med feiing kvart 8. år. Denne behovsvurderinga er det feiaren som gjer. Dette påverkar ikkje fakturering.

6. Eg har flytta inn i nybygd bustad utan vedomn/røykløp. Kvifor får eg då faktura?
Svar: Dersom du sjekkar ferdigattesten du fekk frå kommunen, så står det
«NB! For bustader og fritidsbustader må tiltakshavar sjølv søke om fritak frå feieavgift om bygget er utan eldstad.» Fyll ut søknadsskjema "Fritak for feiegebyr".

7. Me har fritidsbustad i Hjelmeland, men bur langt unna og kan difor ikkje kome på dagstur for å ta imot feiaren. Kva gjer me då?
Svar: Dette er heldigvis heilt uproblematisk. Når du får melding frå feiaren om besøk, tek du kontakt og avtalar eit tidspunkt som høver for deg.

8. Sist feiaren var her fekk eg fyringsforbod. Sidan då har eg retta opp i avviket, og ønsker besøk av feiar.
Svar: Ta kontakt, så avtalar me tid!

9. Ein eg kjenner/er i slekt med har feia pipa mi gratis, så eg treng ikkje besøk av feiar. Då treng eg vel ikkje betale gebyret heller?
Svar: Fritak frå gebyr vert gitt dersom eit av vilkåra under er oppfylt:

  • Bustaden er ubebudd i eit heilt kalenderår. 
  • Det vert berre nytta oppvarming som ikkje treng røykavløp. Ildstaden må då fjernast frå pipa eller pipa må fysisk verta sperra for bruk.