Feiring av 17. mai

Me har fått inn flotte forslag til aktivitetar som kan gjennomførast i feiringa av nasjonaldagen vår, 17. mai. Kanskje kan desse innspela vera til inspirasjon for 17. mai-komiteane i bygdene? 

Forslaga er

  • Bilkortesje
  • Kahoot! 
  • Utdeling av is til barn
  • Kreative familietog (kanskje med premiering?)
  • Natursti(ar) med premie
  • Bilbingo
  • Bilrebus

Mogeleg med arrangement med opptil 200 deltakarar

Du vil i lenkene under finne at det er mogleg med utandørs arrangement med opptil 200 deltakarar, så lenge ein følger retningslinjene for arrangement generelt. 

Les reglane for gjennomføring av arrangement på helsenorge.no.

Les kva helsenorge.no skriv om 17. mai feiring. 

Spør oss om årets feiring

Dersom du er med i årets 17. mai-komité og har spørsmål knytt til årets gjennomføring av nasjonaldagen, kan du sende oss spørsmål på e-post postmottak@hjelmeland.kommune.no innan onsdag 5. mai.