Fjerde koronavaksine

Det er ei nasjonal anbefaling om at innbyggarar over 75 år tar ei fjerde dose koronavaksine. 

Folkehelseinstituttet anbefaler følgande prioriteringsrekkefølge: 

  1. Bebuarar i sjukeheim og sårbare personar som er 75 år og eldre med heimesjukepleie
  2. Aldersgruppa 80 år og eldre
  3. Aldersgruppa 75-79 år

Alle våre innbyggarar som kjem inn under desse gruppene vil få tilbod om vaksina. 

Me sender ut SMS med informasjon om booking av tid til vaksinering.