Formannskapet vil ha ny ungdomsskule

Formannskapet vil ha ny ungdomsskule

Formannskapet gjekk med åtte mot éi røyst inn for å bygga ny ungdomsskule med basseng. Kommunestyret skal også behandla saka torsdag ettermiddag. 

Du kan følgja debatten i kommunestyret via kommuneTV.

Ståle Halsne (KrF) var den einaste som ville utsetja saka og starta planlegginga på nytt. Ei utsetjing vil truleg bety to års ventetid. Han understreka at han ikkje var imot ny skule sjølv om han ville gå ein ny runde med prosjektering.

-Eg er ikkje trygg nok på finansieringa. Me må ta opp store lån, og det vil gå utover andre prosjekt. Eg fryktar også at driftsutgiftene blir mykje høgare, peika Halsne på.

Ståle Halsne ville utsetja utbygginga, men understreka at han ikkje var imot ny ungdomsskule. - Klikk for stort bileteStåle Halsne ville utsetja utbygginga, men understreka at han ikkje var imot ny ungdomsskule. Magnar Riveland

Han meinte det var «Mercedes-nivå» på ein del løysingar i den planlagde skulen, mellom anna det nye symjebassenget, og trudde det var råd å få ein skule til ein lågare pris.

Prisen formannskapet blei førelagde, er på 318 millionar kroner inklusiv meirverdiavgift. Torunn Munthe (H) var ikkje skremd av den summen.

-Det høyrest mykje ut, men det er fordi me samanliknar med summen på 180 millionar i økonomiplanen. Om me samanliknar med andre nye skular i same kategori som vår, får me eigentleg ein ganske rimeleg skule, meinte Munthe.

Anita Husøy Riskedal (Sp) slo fast at det er stort behov for ein ny skule.

-Me har ein gamal, dårleg skule med eit «oppbrukt» basseng, og har jobba på spreng i fleire år for å prosjektera ein ny. Både elevar og tilsette understrekar at behovet er stort, sa ordføraren.

Kommunestyret sitt møte startar med presentasjon av budsjett for 2024 og økonomiplan fram til 2027, før kommunestyret behandlar saka om ny ungdomsskule.