Forslag til planprogram for kommunedelplan byggeråstoff og deponi
Kommunestyret i Hjelmeland vedtok i møte 22. februar å senda forslag til planprogram for kommunedelplan byggeråstoff og deponi ut på høyring. Eit planprgram er ein «plan for planen», dvs. at det skal gi føringar for kva planen skal innehalda, og korleis ein skal gå fram for å utarbeida endeleg planforslag.
Ønske om innspel til korleis me skal jobba
Med utkastet til planprogram følger også eit utkast til formular for dei som vil koma med innspel til planen – når det er tid for det. Me ønsker altså ikkje innspel til planen no, men innspel til korleis me skal jobba for å få utarbeidd ein best mogleg plan. Det går m.a. på kven som bør involverast, kva utgreiingar som skal til og om framdriftsplanen er realistisk. Kommunedelplanen som blir utarbeidd vil leggja føringar for komande revisjon av kommuneplanen sin arealdel.
Tilbakemelding på skjema er ønskeleg
Me ønsker også tilbakemelding på om skjemaet me har laga er forståeleg, eller om du vil foreslå endringar. Byggeråstoff i denne samanheng er sand, grus og naturstein. Deponi handlar om lagringa av massar for seinare bruk. Massedeponi krev i dag meir komplekse avklaringar enn før.
Les Kommunedelplan for byggeråstoff og deponi - forslag til planprogram (PDF, 11 MB)
Innspelskjema - utkast (PDF, 281 kB)
Informasjonsmøte
Tysdag 28. mars kl. 19.00 blir det eit infomøte om det framlagte forslaget til planprogram i kommunestyresalen, Vågavegen 116. Det vil også bli råd å følga møtet vi Hjelmeland kommune/Facebook.
Publisert 10.03.2023 15.47
Sist endra 10.03.2023 15.48