Frivillighetens år og sykkelturen

2022 er frivillighetens år! Dette skal me markera i Hjelmeland, og sykkelturen som går frå Nordkapp til Arendal syklar gjennom den flotte kommunen vår torsdag 30. juni og fredag 1. juli. 

Frivillighetens år

Målet vårt er å visa fram kva me har av frivillighet i kommunen - og du! Det er mykje! Rundt 100 lag og organisasjonar er registrerte i vår oversikt.

Plakat saman feirar vi Noregs viktigaste lagarbeid - Klikk for stort bileteUnder markeringa av frivillighetens år torsdag 30. juni og fredag 1. juli treng me frivillige lag og organisasjonar med på laget! Vil ditt lag vera med på feiringa? Meld deg på til Frivilligsentralen på tlf. 404 39 155.

Les meir om frivillighetens år

Sykkelturen 2022

Sykkelturen 2022 er ein del av markeringa av frivillighetens år. Torsdag 30. juni kjem Sykkelturen til Hjelmeland og dette feirar me i Hjelmelandvågen kl. 18-20. Meir informasjon om feiringa kjem når programmet er klart. 

Tre personar på ein Rickshawsykkel - Klikk for stort bilete 

Fredag 1. juli går sykkelturen vidare frå Hjelmeland, om Fister med stopp i Årdal. Me treng difor frivillige som har lyst til å vere sykkelpilotar på seks Rickshaw syklar.

Kunne du tenke deg å bidra? Ta kontakt med Frivilligsentralen på tlf. 404 39 155.

Les meir om sykkelturen