Godkjent detaljreguleringsplan R173 Helgøy

I medhald av plan- og bygningslova § 12-2 har Hjelmeland kommunestyre i sak 72/18 den 13.12.2018 godkjent R173 Detaljreguleringsplan for Helgøy med tilhøyrande føresegner.

Planen er ei vesentleg endring av tidlegare plan R72, som med dette er oppheva.

Ny plan gir rom for fleire hus- og hyttetomter, vegar, hamn, auke i hyttestorleik mm

 

Vedtaket kan i medhald av PBL §§ 1-9 og 12-12 og forvaltningslovens kap.VI klagast inn for Fylkesmannen i Rogaland. Eventuell klage skal sendast skriftleg til Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland eller postmottak@hjelmeland.kommune.no innan 15.august 2019.

Eventuelle krav om erstatning må setjast fram skriftleg for Hjelmeland kommune innan 3 år frå den offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. PBL § 15-3

Plan-og forvaltning