Godkjent reguleringsplan R 185 Hetlevik glamping - Randøy

I medhald av plan- og bygningslova § 12-2 har Hjelmeland kommunestyre i sak 32/22 godkjent detaljreguleringsplan R185 Hetlevik glamping, gnr 1 bnr 4, Randøy.

Planen gir rom for etablering av 10 enkle utleigeeiningar for turisme, fortrinnsvis glampingtelt Artic Dome, men òg lavo, små/enkle minihus. Eksisterande driftsbygg/revehus skal rivast.

Link til kommunestyresak 32/22 med vedtak og alle relevante vedlegg.

Plankartet under bli supplert med breiddutviding på eksisterande  tilkomstveg, samt sikring av vasskjelde.  Korrigert plankart jf vedtak vil bli lagt inn i digital plandatabase etter sommarferien.
Godkjente føresegner (PDF, 172 kB)

 

 

 

 

 

 

 

 

Klage
Vedtaket kan i medhald av PBL §§ 1-9 og 12-12 og  forvaltningslovens kap.VI klagast inn for Statsforvaltaren i Rogaland. Eventuell klage skal sendast skriftleg til Hjelmeland kommune, Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland eller postmottak@hjelmeland.kommune.no  

Klagefrist: 01.september 2022.

Erstatning
Eventuelle krav om erstatning må setjast fram skriftleg for Hjelmeland kommune innan 3 år frå den offentlege kunngjeringa av vedtaket, jfr. PBL § 15-3

Plan og forvaltning.